Betre dagar
skal kome
Me må aldri slutte å tru
Vanskelege tider,
er også råd og snu
Ta deg ein liten pause
Våg å vere vàr
Vend blikket inn i deg sjølv
Sjå det gode du trass alt har
Det er mangt me ikkje kan styre,
mangt hender på livsvegen vår
Hald godt fast i håpet
ta det med deg der du går
Betre dagar
skal kome
Ein dag så vil det snu
Hald ut,
og ikkje mist håpet
Hald liv i håp og tru
Wenche Frantzen