Eg ser dine tårer

Eg ser alt ditt slit

Gjennom stormfulle bårer

eg veit du kom deg hit

Eg ser bak di tåre

eit smil i ditt håp

Etter dagar så såre,

får eg vere din båt?

Eg skal bere deg trygt

gjennom brottsjø  og brann

Eg ser du har bygd

Eg vil sjå at du vann!

 

(ukjend)