Livet
har mange fargar
Me vandrer i ein palett
Alle slags fargar
me møter
Nyansane ligg tett
Det finst klare og lyse fargar
som gjer vegen lett å gå
Det finst mørke, diffuse skuggar
som gjer det vanskeleg å sjå
Vegen gjennom livet
er å gå i eit fargekart
Me skal møte og meistre så mangt
heilt frå den spede start
Wenche Frantzen