Ingen har varda den vegen

du skal gå

ut i det ukjende

ut i det blå

Dette er din veg

Berre du

kan gå den

og det er uråd og snu

Og ikkje vardar du vegen

du hell

og vinden stryk ut ditt fàr

i aude fjell

 

Olav H. Hauge