Kven sa

at livet

skal vere berre godt?

Kven sa

at me alltid

skal vere glade?

Kven sa

at me ikkje 

møter vanskar og utfordringar,

at me ikkje skal verta

livstrøtte og triste?

Kvar kom det frå?

Kvifor skal glede og lukke

vera det einaste rette?

Kvifor vågar me ikkje

å vise at livet

er både godt og vanskeleg,

at livet er både glede og tristheit?

Kvifor vågar me ikkje

å leva livet

som det er?

Kven sa

at me ikkje kan gjere det?

Kvar kom det frå?

 

Wenche Frantzen