23. jun, 2019

På mange område har eg komme langt framover på livsvegen min. Eg har komme meg gjennom vanskelege terreng, forbi krevande hinder og eg har kjempa meg opp mange bratte og tunge motbakkar. Eg har utvida horisonten  Eg ser meir. Meir av livet. Eg ser så mykje som lenge har vore skjult for meg. Skjult av eit indre mørke. Skjult av mine eigne skuggar. No ser eg meir av kva livet kan gje. Eg kan ta del i det og kjenne at det gjev glede. No er livet meir enn å berre eksistere. Det er meir enn å berre vere til. Livet er meir levande. Eg har fått ein utvida horisont. Livet ser annleis ut. Og eg kan vere i det livet eg ser. Eg kan bruke det. Eg kan leve det. Eg kan leve det livet som er mitt.

Men livet går aldri berre rett fram. Livsvegen går ikkje berre rett fram. Det vil alltid komme nye vanskelege terreng. Nye hinder. Nye motbakkar. Ein vil møte utfordringar som kan opplevast som tilbakesteg. Eller utfordringar som gjer at det stoppar opp. Kanskje må ein gå nokre steg tilbake. Ikkje heilt tilbake til start for å starte på nytt. Berre nokre steg for å restarte. Få ein ny start derifrå.

Der er eg. Eg må restarte. Starte på nytt og gjenoppdage.

Gjennom dei to siste åra har eg møtt nye helseutfordringar som har ført til at det har stoppa opp litt for meg. Å vere i fysisk aktivitet, vere ute og gå på turar, har i ein lengre periode vore meir vanskeleg å få til. Helseplager har bremsa dette for meg, og eg har ikkje greidd å halde fast på og halde fram med dette på same måte som tidlegare.

Tilbakesteg...? Tja. På ein måte. Men ikkje heilt tilbake til start. Eg treng ikkje å starte heilt på nytt. Eg treng å komme i gang igjen. Og for å komme i gang igjen, må eg restarte. Starte på nytt der eg er. Og til det, kan eg bruke dei same kognitive metodane som eg brukte den gongen eg stod på startstreken som ligg langt der bak. Det som fekk meg til å starte den gongen, kan også hjelpe meg i gang igjen. Kognitive verktøy som eg har i meg.

Eg har det eg treng. Eg kan bruke det. Eg veit at det fungerer. Og det er mitt eige ansvar. Det er EG som må ta avgjersla om å komme i gang igjen. EG må restarte meg sjølv.

*****************************************************************************************************

12. jun, 2019

For første gong etter eit kirurgisk inngrep for tre veker sidan, har eg hatt energi til å gjere lett fysisk arbeid. Hagearbeid. Luke ugras. På ein fin sommardag. Vere ute.  Kjenne lukta av jord. Kjenne varmen frå sola. Kjenne lukta av sommar. Sjå resultat av det eg har fått gjort. Vere fornøgd.

Ein times tid med lett fysisk arbeid. Det var det eg greidde denne gongen. Ein times tid med mestring. Denne èine timen av dagen vart gjevande for meg. Det gjorde noko med sinnsstemningen. Velnøye. Kvardagsglede. 

***************************************************************************************************

9. jun, 2019

Eg vedgår at eg er lei. Eg er lei av å møte krevande terreng og motbakkar på livsvegen. Eg er lei av at optimisme og pågangsmot blir satt på prøve, igjen og igjen. Eg er lei av å ikkje fungere. Eg er lei av å ikkje kunne delta i det som livet kan by på. Eg ser at andre gjer det. Eg ser at andre tek for seg av gode opplevingar. Eg vil så gjerne. Men det finst faktisk situasjonar der helseplager trumfer vilje og tankane si kraft. 

Eg kan ikkje berre "ta meg saman." Kroppen min er ikkje i stand til det. Den har gjennomgått ein alvorleg infeksjon. Den har gjennomgått ein operasjon. Eit indre organ er fjerna. Kroppen min er klar og tydeleg på kva den greier og kva den ikkje greier. Eg har prøvd. Og eg prøver. Men kroppen min greier ikkje alt det som eg gjerne vil. Den seier klart i frå. Ikkje berre må eg lytte til den. Eg må underkaste meg. Eg kan ikkje vinne. No er det kroppen som bestemmer. 

Eg kjenner meg fanga i ein tilstand av trøttleik og utmatting. Tanken si kraft kan ikkje hjelpe meg med dette. Eg kan ikkje tenke fram ein meir våken tilstand. Eg kan ikkje tenke fram energi og styrke. Trøttleik og utmatting har sitt utspring frå kroppsleg sjukdom. Vilje og tankekraft kan ikkje få meg forbi det. Eg må vente. Det er kroppen som bestemmer tempo i tilfriskningsprosessen. Ting Tar Tid. Eg veit. Men eg vedgår at eg er lei.

Eg er lei av å møte krevande terreng og motbakkar på livsvegen.Og eg er sliten. Men eg "klamrer" meg fast til trua på at det blir betre og at kreftene kjem tilbake. Eg har ikkje mista håpet. Eg er berre så lei akkurat no.

*****************************************************************************************************

3. jun, 2019

Når konkurrenten din er ein kropp som av ulike årsaker er prega av trøttleik og utmatting, kan det som for mange er daglegdagse, små gjeremål vere ein siger å få til. Når du kjenner deg så trøtt og utmatta at du nesten ikkje greier å halde augene opne, så trøtt og utmatta at det er ein kraftanstrengelse å reise seg frå stolen og få gjort sjølv den minste ting, er det å faktisk greie det ein siger.

I går hadde eg ein slik dag. Ein dag med kjensle av å vere overmanna av trøttleik og utmatting. Eg hadde to valg: Gje etter for trøttleik og utmatting, eller ta kraftanstrengelsen det var å reise meg frå stolen og gjere noko.

"Bra, Wenche! Du valgte kraftanstrengelsen framfor å gi etter for trøttleik og utmatting. Du har fått til noko i dag. Ikkje mykje, men noko. For deg, i dag, er det ein siger. Din siger."

Nokre dagar kan det vesle vere stort. 🙂

*****************************************************************************************************

27. mai, 2019

For ni dagar sidan var eg spent og glad. Eg var motivert og klar. Spent, glad, motivert og klar til rehabiliteringsopphald på Haugland Rehabiliteringssenter. Brevet som kunne fortelje meg at eg hadde fått tildelt tre veker frå 22. mai, kom i februar. Eg vart glad over å ha fått plass, og i løpet av månadane med ventetid, vart eg meir og meir motivert til å få komme dit og få hjelp med å komme i gang med tiltak som kan gje meg ein betre kvardag med dei helseutfordringane eg har.

Slik vart det ikkje. Eg møtte ein uforutsett, brå sving på livsvegen. Berre få dagar før avreise fekk eg akutte magsmerter, som viste seg å vere ein kraftig og stygg galleblærebetennelse. Onsdag 22. mai, dagen då eg eigentleg skulle reise til rehabiliteringssenteret, var eg i staden innlagt på sjukehus, og måtte på operasjonsbordet for å fjerne galleblæra. Eg hadde ekstremt høg CRP. På operasjonsdagen var den oppe i 485. Så eg fulgte sjølvsagt legen si anbefaling om operasjon.

Så i staden for opphald på Haugland Rehabiliteringssenter, brukar eg no dagane til å komme til hektene igjen, både etter den belastninga kroppen vart utsatt for grunna høg CRP og kraftige smerter, og etter inngrepet.

Heldigvis mista eg ikkje plassen på rehabiliteringssenteret. Eg fekk ei utsetjing og vil få eit nytt opphald på tre veker, forhåpentleg i løpet av sommaren/hausten. Det er eg takksam og glad for. Muligheten for hjelp til å komme i gang med tiltak for betre mestring av helseutfordringane mine ligg der og ventar på meg. Ein uforutsett, brå sving på livsvegen har gitt meg ein omveg. Men eg tek omvegen steg for steg, og snart er eg tilbake på rett spor, i riktig retning.

*****************************************************************************************************