7. feb, 2021

Livet er ikkje ein rett veg

Gode dagar og dårlege dagar. Lyse dagar og mørke dagar. Livet er ikkje ein rett veg i lys og glede. Det er gode dagar og det er dårlege dagar.

Dei gode dagane har glede og energi. Dei har pågangsmot og håp. Dei er gode å vere i. Dei gjev nytt påfyll av glede, energi, pågangsmot og håp. Dei gode dagane er lyse.

Dei dårlege dagane har smerter og nedstemthet. Dei mangler krefter og energi. Dei gjev tvil og håpløyse. Dei gjev nedstemthet og tristhet. Dei dårlege dagane er mørke.

Livet er ingen rett veg. Livet byr på både gode og gårlege dagar. For alle. For nokre er det store svingningar mellom det gode og det dårlege. For nokre er det store kontraster. Endringer mellom det gode og det dårlege kan komme brått og uforutsigbart. Det kan gå frå gode, lyse dagar med glede, til dårlege, mørke og tunge dagar i ein fart som gjer skilnaden stor. Kontrasten blir stor. Det kan vere vanskeleg å akseptere. Trass i kunnskap og erfaring om at det vil komme gode dagar etter dei dårlege, kan det vere vanskeleg å akseptere at det "raser" frå gode dagar til dårlege dagar. Dei dårlege dagane kan få fram så mange negative, tunge kjensler at det er lett å gløyme dei gode dagane.

Men det er mogleg å trene seg opp til å hugse og halde fast på det gode når ein er i dei dårlege dagane. Det er mogleg å trene tankane sine. Trene dei til å rette fokuset mot det gode og bort frå det dårlege. Det er ikkje mogleg å fjerne tankar rundt det dårlege. Det blir aldri mogleg å fjerne tankar som er ein del av seg sjølv. Men det er mogleg å trene seg opp til kva tankar som skal få størst plass. Det er ikkje lett. Men det er mogleg. Det krever trening. Det krever at ein er villig til å gjere det. Villig til å prøve. Og det krever tålmodighet og utholdenhet. Det er som med fysisk trening. Det må gjentakast. Ein må trene over tid. Som fysisk trening, må mental trening gjerast over tid for å oppnå resultat. For slik er det; ting tar tid. Det er ikkje lett, men det er mogleg.

Lag ein så god dag du kan, der du er, akkurat i dag. 

🙂