22. jan, 2021

Finne balansen

Det nye året starta annleis enn det eg hadde tenkt. Eg starta det nye året med sjukdom i kroppen. Eg veit ikkje heilt kva det var. Sikkert eit eller anna virus. Det eg veit, er at det ikkje var covid 19-viruset. Eg tok testen to gongar og begge var negative.

 

Eg kjenner meg ikkje sjuk lenger, men opplever framleis at kroppen ikkje fungerer heilt. Eg kjenner også at eg er i kontakt med depresjonen, som starta for nokre månader sidan etter langvarige, sterke smerter. Eg har det betre no enn då, men kjem ikkje unna å erkjenne at eg framleis har depressive symptom. Eg er kjent med desse symptoma; kjensle av å vere konstant trøtt, trass i at eg får mine timar med god nattesøvn. Vanskar med avgjersle og initiativ. Overtenking og overanalysering. Utsetjingar. Klassiske symptom. Eg kjenner det igjen. Eg veit kva det er. Og eg aksepterer det. Eg aksepterer at eg er kontakt med depresjonen min. 

Men det ligg ei utfordring i å finne balanse mellom det å akseptere og det å bryte ut. Å akseptere sparer meg for ein del uro og engstelse. Men det kan også bli ein farleg "kvilepute." Om eg blir i det for lenge, er det fare for å synke enno lenger ned. Om det å akseptere fører til at eg "pakkar meg inn" og unngår aktivitet og kontakt med andre, kan depresjonen få overtaket. Og då blir det vansklegare å bryte ut av det.

Eg har ein fordel med at eg forstår det. Eg forstår og kjenner igjen prosessen for depresjonsutvikling. Eg veit kva som kan hende om eg ventar for lenge med å ta grep. Og eg veit kva som kan hende når eg klarer å ta grep og gradvis bryter ut av det. 

Det er opp til meg sjølv å finne balansen. Balansen mellom det å akseptere og gje meg sjølv tid, og det å bryte ut og komme meg vidare.

Eg forstår. Eg veit. Eg kan. 🙂