30. des, 2020

Ein ny veg inn i eit nytt år

Året 2020 har vore eit annleis år. Dette er ord som har blitt sagt og høyrd mange gongar. Og det er sanne ord. 2020 var det året me fekk kjennskap til eit nytt og svært smittsomt virus. Viruset Covid 19 spreidde seg over heile verda, og me har gått gjennom eit år med ein pandemi i samfunnet. Me har levd med restriksjonar for å avgrense omfang av smitte. Me har levd med inngripande tiltak og rammer. Me har måtte forsake mykje av det me ellers er vande med. Men i det store og heile har dei fleste av oss komme i frå det på ein tilfredsstillande måte, og greidd å få kvardagane våre til å fungere. Mot slutten av året var vaksine mot Covid 19 klar, og gjev oss håp om at 2021 vil bli eit betre år enn det 2020 har vore.

For meg personleg har 2020 vore eit krevande år. Ikkje så mykje grunna pandemien, men fordi eg dette året har fått ei forverring av helseplager. Det har vore eit år med mykje smerter. Sterke, kroppslege smerter som har skapt avgrensingar i livet mitt. Eg har måtte forsake mykje. Mykje av det eg har hatt lyst til, har eg ikkje greidd å gjere. Eg har i periodar hatt kjensle av sorg over det eg har følt at eg har tapt. Eg har kjent på at eg har svikta. Svikt andre menneske - familie og vener. Eg har i periodar levd i meir eller mindre isolasjon, fordi eg ikkje har vore i stand til anna.

Men eg har også hatt gode opplevingar dette året. Små "drypp" av kvalitetstid og glede med nokre av mine nære og kjære. Positivitet som har gjeve meg mentalt påfyll. Trass i eit krevande år, har eg fått plukke med meg gode minne frå 2020. Det har også vore eit år for læring og ny kunnskap om eiga helse. Gjennom utredningar og behandlingar har eg lært meir om meg sjølv og dei plagene eg har.  

Året 2020 har vore ein tung og bratt veg å gå for meg. Men mot slutten av året opna det seg ein ny veg. Eg kan starte på eit nytt år med betre forståing av dei plagene eg har, og med eit håp om at 2021 kan bli betre for meg enn det 2020 har vore.

GODT NYTT ÅR!🙂