14. des, 2020

Personleg unntakstilstand

Ein haust prega av helseutfordringar. Plager og smerter. Veker og månader med sterke smerter. Så sterke smerter at dei har øydelagd dagane mine. Eg har levd i ei mørk og trist smerteboble der det ikkje har vore plass til anna enn meg sjølv og smertene. Den minste ting har vore ei påkjenning. Det vart etterkvart frykteleg tungt psykisk. Eit mørke omslutta meg. Eit mørkt og trist smertehelvete. Eg måtte ha hjelp. Hjelp til å halde blikket på "lyset i tunellen." Hjelp til å ikkje mista trua på at eg ville komme fram til lyset. Ut av mørket.

Eg hadde behov for hjelp, og eg fekk det. Eg har fått hjelp til å dempe smertene i kroppen. Eg har fått hjelp til å finne tilbake til psykisk styrke. Eg har fått hjelp til å komme ut av eit mørkt og trist smertehelvete. Dagane mine er betre. Dei er meir som dei brukar å vere. Eg kan leve eit kvardagsliv som gjev meg glede. Eg ser og føler det gode i livet mitt. Eg mister ikkje det sjølv om eg har vonde og vanskelege periodar i livet mitt. Men det hender at det vonde og vanskelege tek så stor plass at det gode mister sin styrke. Eg har periodar med så sterke smerter at det ikkje er plass til anna i dagane mine. Det tærer på psyken. Den kroniske, underliggjande depresjonen min vakna til liv denne gongen. Eg måtte ha hjelp. Og det fekk eg. 

Det er ikkje alltid slik at motgang gjer sterk. På sikt, kanskje. Men å stå i motgang kan også gjere ein sliten. Både fysisk og psykisk. Og det hender me treng hjelp til å bygge opp igjen styrken. 

Ein haust prega av helseutfordringar. Veker og månader med ein personleg unntakstilstand.

Den kjensla, når eg kan begynne å ta kvardagen min tilbake🙂Denne gongen også.