22. nov, 2020

Ein dag utan plan

I dag vakna eg og hadde lyst til å bli i senga. Ligge der, sove meir, la timane og dagen berre gå. Men det ville ikkje kroppen min. Etter ei natt med ro i søvnen ville den ut av senga. Den ville opp og røre på seg. Eg lytta til kroppen. Eg kjente at den ikkje hadde det godt med å bli verande i ro i senga. Så eg stod opp. Gjorde morgonrutinane mine. Sette meg ned med kaffikoppen og tenkte at denne dagen får ingen plan. I dag blir det ingen "to-do-list." I dag tek eg dagen som den kjem. Eg skal gjere det eg føler for når eg føler for det det. Det er det eg treng i dag. Det er ein slik dag der det å stille krav til meg sjølv ikkje vil nytte. Eg kjem ikkje til å oppnå noko anna enn nedstemhet og kjensle av å mislykkast. Difor får denne dagen ingen plan. I dag tek eg dagen som den kjem. Og det er greitt.