7. nov, 2020

Å halde fast på lyset når ein er i mørket

Det er dagar når eg virkar i 3 - 4 timar. Eg er våken og oppe i 17 - 18 timar, men eg virkar berre i 3 - 4 timar. Det er dagar når eg er langt i frå ein vanleg dag. Dagar der eg i mesteparten av mine våkne timar er i eit mørkt smertehelvete. Kroppsleg og psykisk smerte av ein grad som gjer at eg ikkje fungerer. Eg kan ikkje finne lindring. Eg kan ikkje gjere noko som avleder meg. Eg er fanga i kroppslege smerter, og det påfører meg psykisk smerte også.

Slike dagar er vanskelege. Det er krevande å fokusere og halde fast på "lyset i tunellen." Men eg vil det. Eg vil halde blikket på det lyset. Det lyset er ein dag som er mindre smertefull. For det finnes slike dagar også. Det er dagar når eg kan vere i det lyset. Fungere på eit vis med lågare grad av smerte, og finne glede i livet mitt.

- - - - - - - - - -

Det er dagar når eg i mesteparten av mine våkne timar er i eit mørkt smertehelvete. Eg virkar berre i nokre få timar. På slike dagar er mi oppgåve å halde ut, og å halde blikket på "lyset i tunellen." Eg kan sjå det. Eg vil dit. Det kan vere krevande å ikkje miste det av syne. Men eg må halde fast på det. Fordi eg vil dit. Eg skal dit. Og eg kan komme dit. Denne gongen også.