21. okt, 2020

Vilje til å gjere seg nytte av hjelp som legen tilbyr

Eg fekk ei melding frå fastlegen min som eg kunne ha reagert negativt på. Eg kunne ha blitt fornærma, følt at eg ikkje vart teken på alvor. Eg kunne ha blitt sint og gått i forsvarsposisjon. Men det gjer eg ikkje. Eg gjer ikkje det, fordi eg går til fastlegen for å få hjelp. Og eg er villig til å lytte og følgje råd og anbefalinger som fastlegen gir meg.

Eg kjenner meg sjølv, kroppen min og korleis helseplagene mine arter seg. Det er eg som opplever det og kjenner på det. Men legen er fagperson. Han kan symptom og sjukdom. Han kan forstå og lese meg og symptoma mine ut i frå det eg skildrar for han. Han kan og kjenner til behandlingsformer, og han presenterer ulike alternativ som kan vere til nytte og hjelp for meg. Eg går til fastlegen for å få hjelp, og eg er villig til å lytte og prøve dei behandlingsformer han meiner kan vere verdt å prøve. 

Legen sin jobb er å er å lytte, forstå og lese meg og symptoma mine, dele sin kunnskap med meg og presentere behandlingsformer som kan hjelpe. Men det er min jobb å ta ansvar for eiga helse. Min jobb er å lytte til legen, og vere villig til å ta i mot og følgje råd og anbefalinger.

Det hender at leger presenterer noko som kan vere vanskeleg å ta til seg. Noko som kan gjere ein opprørt og sint, Noko som får ein til å gå i forsvarsposisjon. Men kva nytte får ein av det? Kvifor gå til lege og be om hjelp om ein ikkje vil ta i mot den hjelpa ein får?

Eg har fått ei melding frå fastlegen min som tvingar meg til å tenke nytt. Og eg er villig til å gjere det. Faktisk så blir eg nysgjerrig, fordi dette er eit symptomfelt som er relativt nytt for meg personleg. Eg vil lære. Eg vil forstå. Eg vil lytte og ta i mot råd og anbefalinger om behandlingsformer. Eg går til fastlegen for å få hjelp til lindring av helseplager. Men eg oppnår ikkje det hvis eg ikkje er villig til å gjere min del av jobben. Det er mitt ansvar å nytte meg av den hjelpa legen tilbyr meg.