25. sep, 2020

Eit liv som har endra seg

Eg har dagar der eg tenkjer ein del på korleis livet mitt har endra seg dei siste åra. Ein degenerativ tilstand i nakken gir meg sterke smerter. Smerter av ein slik grad at det skaper avgrensningar i livet mitt. Eg har dagar med så intense smerter at eg blir tvinga til å vere i ro. Eg treng å vere åleine. Vere åleine i ro og fred. Eg greier ikkje inntrykk frå verda der ute. Eg greier ikkje å forholde meg til andre menneske. Eg fungerer ikkje. Eg blir tvinga til å vere i "smertebobla" så lenge det står på. Og på slike dagar; der eg må ha ro og vere åleine, får tankane mine større "spelerom." Dei negative, tunge tankane får mulighet til å stikke seg fram. Når eg blir tvinga til å stå i smertene med negative, tunge tankar, påverkar det kjenslene mine. Nedtemthet og tristhet. Eg kan kjenne på ei sorg over det eg har tapt i livet grunna smertetilstanden. Eg kan kjenne på tapt livskvalitet. At livet har mista verdi. At eg mister livsgleda. Eg har dagar som er vonde, tunge og vanskelege. Dagar der eg er i ei smerteboble med negative tankar og depressive kjensler. Det er mine dårlege dagar.

Smertene er med meg kvar einaste dag, men nokre dagar er smertene mindre inngripande enn andre dagar. Eg kan fungere på eit vis. Eg kan greie å delta i verda der ute saman med andre menneske. Eg kan finne glede og gode opplevingar. 

Men så har eg altså dagar der eg tenkjer ein del på korleis smertetilstanden min har endra livet mitt. Eg syns det er vanskeleg å akseptere at det er dette som er livet mitt no. Det er vanskeleg å akseptere at smertene alltid er der, og at det i så stor grad påverkar livet mitt. Eg har jobba med meg sjølv i mange år for å lære meg til å akseptere det eg ikkje kan gjere noko med. Likevel strevar eg litt med å akseptere eit liv med kroniske smerter. Det er ei ny utfordring for meg. Og eg har ein veg og gå for å kunne akseptere det. Eg må jobbe mentalt med meg sjølv for å komme dit. 

Eg har ein god grunnmur av å kunne akseptere. På vegen min gjennom livet har eg jobba mentalt med meg sjølv og lært dette på mange område. Og no jobbar eg med meg sjølv for å bygge dette vidare til å kunne akseptere at eg må leve med denne smertetilstanden. Eg må leve med den og dei endringane den skaper i livet mitt. Livet mitt er å leve i ei smerteboble nokre dagar, og det er å fungere på eit vis andre dagar. Eg har mine dårlege dagar med intense smerter, negative tankar og depressive kjensler. Og eg har mine gode dagar med glede og positive opplevingar. Trass i mine kroniske smerter og tidvise depressive kjensler, har eg mykje bra og godt i livet mitt. Eg har mykje som gir meg livsglede. Livet mitt har verdi.