3. sep, 2020

Livsvegen går ikkje berre rett fram

Livsvegen er ikkje ein rett strekning. Den har svingar, motbakkar og nedoverbakkar. Den har ulike hinder. Me kjem til stader der den deler seg. Som eit vegkryss. Me kjem til stader der me må velje kva veg me skal gå vidare. Nokre gongar er det eit lett val. Me berre veit kva veg som vil føre oss til ein god stad. Til ein stad som gjer oss godt. Nokre gongar er valet vanskeleg. Nokre gongar må me velje ein veg som me helst vil sleppe å gå. Det kan kjennast tungt å måtte ta det valet. Likevel kan me kjenne at det er eit rett val. Me veit at det er naudsynt, trass i at målet er usikkert og utydeleg. Det kan kjennast tungt, men likevel rett. Me forstår og aksepterer at det er naudsynt å ta ein omveg med usikkert mål i sikte. Men me må velje den vegen og håpe at den kan føre oss fram til ein god stad.