15. aug, 2020

Eg blir sliten

Eg blir sliten. Av og til blir eg så veldig sliten. Eg brukar så mykje krefter på mobilisering og mental jobbing. Det er krevande å leve med kroniske nakkesmerter og kronisk hodepine. Eg vil så gjerne - det er mangt eg ønskjer og vil. Eg mobiliserer. Eg tøyer grenser. Eg strekkjer meg så langt eg kan - og enno lenger av og til. Eg brukar mykje energi for å få det til. Eg har ikkje eit utømmeleg lager av energi. Langt i frå. Eg har eit ganske så avgrensa energilager. Eg kjem ofte dit at energilageret blir nesten heilt tomt, og då må eg bruke det vesle eg har att til å tåle og handtere smertene. Det er krevande å leve med kroniske smerter, og eg blir sliten. Av og til treng eg å lade meg opp att. Når energilageret har gått nesten heilt tomt, må eg lade meg opp på det viset som fungerer best for meg. 

Eg blir slten. Av og til blir eg så veldig sliten. Men når eg gjer det som er rett for meg, kan eg få lade meg opp att. Det er jo bra det, då. Det er bra at eg kan lade meg opp att, trass i at energilageret ofte går nesten heilt tomt.