27. jul, 2020

Respektere og akseptere kvarandre

Eg har begynt å få erfaring med å leve med smertene mine. Eg har begynt å forstå kva som trigger og utløyser smerteanfall. Eg veit at etter gode dagar med kvalitetstid, kjem det smerteanfall som vedvarer i mange dagar. Eg har forstått at det er slik det er, at det er slik å vere meg. Eg har forstått det, men eg finn det likevel vanskeleg å akseptere. Når eg er i eit smerteanfall er det vanskeleg å akseptere at det er slik eg har det i livet mitt. Eg veit at det vil bli betre igjen, men det er tungt og vanskeleg å vere i eit fleire dagar langt smerteanfall. Så her har eg ein jobb å gjere. Eg må lære meg til å akseptere at smerteanfall over mange dagar er ein del av livet mitt no.

Eg kan ikkje skildre med ord korleis smertene er. Eg kan ikkje gje andre ei god skildring av smertene. Alt eg kan gjere, er å seie at eg har det veldig vondt og at eg difor treng ro. Om andre ikkje kan forstå det, får det så vere. Heldigvis opplever eg for det meste å bli møtt med respekt når eg seier at eg treng ro grunna smerter. Det er eg takksam for.

Eg forstår at andre ikkje fullt ut kan forstå korleis eg har det. Andre menneske kan sjølvsagt ikkje kjenne mine smerter. Eg møter stort sett respekt og aksept når eg seier at det er som det er. Men om eg opplever å ikkje få det, går det ikkje noko særleg inn på meg. Eg veit korleis eg har det, og eg kan ikkje bruke energi på andre si synsing og meining. Eg har meir enn nok med å komme meg gjennom mine smertefulle dagar. Eg er meg, med mine plager. Andre er seg, med eller utan plager.

Slik eg ser det, skal me alle respektere og akseptere kvarandre for den me er, med eller utan lyter og plager. Me er alle ulike og unike på kvart vårt vis. Respekt og aksept er viktige eigenskapar å ha med seg på vegen i livet. For oss alle🙂