7. jul, 2020

Ferie for den arbeidsuføre

Det er ferietid. I desse dagar er det mange som har ferie. Fri frå jobb i fleire veker. Nokre reiser bort frå heimen i ferien sin. Reiser med familie og/eller vener. Ferie - fri frå jobb i fleire veker, vere saman med familie og vener. Sommarferie, å få ein vel fortent lengre pause frå jobb. Den kjensla. 

Eg saknar det. Eg saknar å vere i arbeidslivet. Eg saknar den gode kjensla av å få ferie. Ein vel fortent ferie etter arbeidsinnsats gjennom året. Å vere arbeidsufør tek frå ein dette. Å vere arbeidsufør betyr ikkje at ein har fri og "ferie" heile året. Det er å ha så store helseplager at ein ikkje lenger kan fungere i eit forpliktande arbeidsliv. Men det er ikkje som å ha fri og ferie heile året. Det er å handtere plagene sine kvar einaste dag. Det er å heile tida jobbe med seg sjølv for å få kvalitet i dagane, vekene og åra med dei plagene ein har. 

Arbeidsuføre får ikkje ferie på det viset som yrkesaktive har. Me som er arbeidsuføre mister så mykje når me ikkje lenger greier å arbeide. I tillegg har me våre kroniske plager av ulik grad som me kvar dag må handtere og lære oss å leve med. Ferie? Vel...Veit de kva? For meg, og heilt sikkert mange andre arbeidsuføre, kan det å ha gode periodar med mindre lidingstrykk vere ferie. Å ha gode periodar, ein pause frå det verste i plagene, å få litt fri frå det.... Ferie. Ferie frå plager og smerter. 

God ferie til deg som les dette🙂