21. jun, 2020

Kunnskap om eiga stemningsliding

Kjensler er ikkje alltid logiske. Kjensler kan oppstå utan at ein nødvendigvis kan setje dei i sammenheng med konkrete hendingar. Ei stemningsliding, som t.d. depresjon, kan få ein til å kjenne seg nedfor og trist utan særskilte årsaker. Ein kan kjenne på triste kjensler trass i at livet eigentleg er ganske bra. Det er ikkje lett å forstå seg på, verken for den som har det slik eller for menneska ein har rundt seg. "Du har jo så mykje å vere glad for." Ein tanke som ein sjølv kan få og ord som andre kan ytre. Det "legg stein til byrden" for den som allereie har det tungt. Menneske som ikkje har kjent på dette sjølv, kan ikkje fullt ut forstå. Og det kan ein ikkje forvente at dei skal. Å komme med ein slik kommentar er nok godt meint. Det er nok meint som hjelp til å fokusere på det gode i livet. Men for den som har det tungt, kan det å få høyre dette, vere ein belastning. Når ein teoretisk sett er samd, men ikkje kan kjenne glede over det gode, blir sinnstemningen enno tyngre. 

Det er viktig at ein sjølv lærer seg til å forstå og akseptere si eiga stemningsliding.  Å vite at svingningar i stemningsleiet oppstår utan at det nødvendigvis er konkrete årsaker til det, kan gjere det litt lettare å stå i tunge periodar. Alle opplever svingningar i sinnstemningen. Skilnaden mellom ein person som har ei stemningsliding og ein person som ikkje har det, er graden av styrke i kjensler og svingningar i stemningsleiet. Kunnskap om og aksept for eiga stemningsliding, kan gjere det lettare å tåle og komme seg gjennom tunge periodar, og det kan få ein til å nyte dei gode periodane for alt dei er verdt.

Kunnskap. Forståing. Aksept. Tre nøkkelord som kan vere til hjelp for den som lever med stemningsliding. For menneska rundt, bør nøkkelordet vere respekt. Om dei ikkje fullt ut kan forstå, kan dei respektere at det er som det er for den som har stemningsliding. Ingen kan styre andre sine tankar og kjensler. Korleis mennska rundt ein vil møte ein og reagere, kan ein ikkje gjere mykje med. Det ein kan gjere noko med, er korleis ein sjølv handterer stemningslidinga si. Kunnskap. forståing og aksept for eiga stemningsliding, er å seg sjølv på alvor. Det er å respektere seg sjølv.