4. jun, 2020

Ein spesiell vår, som også gav sorg

Våren 2020 har vore spesiell. Viruset Covid19 kom og spreidde seg i verda. Smittevernstiltak gjorde kvardagslivet heilt annleis. Det skapte store avgrensingar i det livet me vanlegvis lever. Våren 2020 har vore spesiell for oss alle.

For meg blir våren 2020 også ståande som ei tid i sorg. Månaden mai vart tung og trist. To vener gjekk bort i denne månaden. Den eine brått og uventa. Den andre etter kort tids sjukdom. Det vart ein månad der eg gjekk inn og ut av sorgkjensle. Mange tankar knytt til desse to menneska, som eg aldri meir skal få vere saman med og snakke med. Vonde og triste tankar knytt til dødsfalla. Men også tankar om alle dei gode minna dei har gjeve meg. 

Døden er ikkje velkomen. Me skal alle dø ein eller annan dag, men den er ikkje velkomen. Nokre gongar kjem døden som eit sjokk på oss. Den kjem brått og uventa. Eit uventa dødsfall kan få oss som er igjen til å oppleve det som uverkeleg. Eg syns det er vanskeleg å fatte at ein person eg kjente som eit  friskt og sunt menneske i midten av 60-åra brått døyr i frå oss. Me forstår alle at eit menneske som dør er borte for alltid i døden, men likevel kan me saman med sorga også oppleve det som uverkeleg og ufatteleg.  Når eit menneske går bort grunna alvorleg, uhelbredeleg sjukdom føler me det kanskje ikkje som eit sjokk på same måte som ved den brå og uventa døden. Sjølv om me visste at dette menneske ikkje ville vere hjå oss så mykje lenger, sørger me når det skjer. Eg syns det er trist når eit menneske i starten av 60-åra får ein alvorleg, uhelbredeleg sjukdom, og går bort etter kort tids sjukdom. Eg visste at det kom til å skje før eller seinare. Men det var like fullt trist og sørgeleg når meldinga om dødsfallet kom. Det er vondt å miste, same kva måte det skjer på. Å miste eit menneske som står oss nær til døden, gjev sorg. Døden er endeleg.  Døden betyr at eit menneske er borte for alltid. Me sørger over at me aldri meir kan vere saman med denne personen. Når døden tek eit menneske, er det for alltid.

Døden er naturleg. Å dø, er ein del av det å vere i livet. Menneska kan ikkje leve for alltid. Slik er det, og det veit me. Men når døden kjem og tek i frå oss menneske som står oss nær, menneske som me er glade i, kjenner me sorg og tristhet. Det er vondt å miste. Det er trist og sørgeleg at me aldri meir skal få møte den personen som går bort. Det er trist å tenke på at me aldri meir skal få felles opplevingar. Me kan ikkje skape fleire felles minner. Me kan berre halde fast på dei gode minna me har fått.

Våren 2020 har vore spesiell for oss alle. Viruset Covid19 råka samfunnet over heile verda, og smittevernstiltak avgrensa oss til ein annleis kvardag. For meg, og mange andre, blir våren 2020 også minnast som ei tid med sorg. Sorg over at me i mai månad mista nokon som stod oss nær. Men me som er att, må gå vidare. Me må gå vidare i livet. Me bærer med oss sorg over dei me har mista og dei gode minna dei har gjeve oss, og går vidare.

Takk for det du var for meg, Atle. Takk for det du var for meg, Lise. Eg saknar dykk❤❤