24. mai, 2020

Eg kan setje ein stoppar for tankane

Eg vil slå av tankane mine. Det hender eg ønskjer at det var mogleg. Når eg tenker på alt det eg har lyst til å gjere, men kroppen ikkje vil, hender det at eg ønskjer eg kunne slå av tankane. Fordi dei skaper negative kjensler. Eg blir frustrert. Eg blir nedstemt. Eg blir irritert og nesten sint. Eg blir trist. 

Eg har brukt så mange år av livet mitt til å finne tilbake til det å kjenne at ting er lystbetonte, finne glede over livet. Eg har greidd det. Eg har funne tilbake til livsgleda og til det å verkeleg ha lyst til ting. Men så har det blitt slik at kroppslege helseplager avgrensar meg. Og det er vanskeleg å akseptere. Det er noko som eg må jobbe meir med mentalt. Eg må lære meg å akseptere at det er slik det er å vere meg. Eg veit det. Men det er ikkje lett, og det hender at det kjennes sårt og gjev frustrasjon, fordi eg etter så mange år med hard mental jobbing endeleg har det betre psykisk.

Det hender at tankar om alt eg har lyst til, men ikkje greier, blir overveldande. Tankane påverkar kjenslene. Dei dreg meg ned i tungsinn og såre kjensler.  Og det er det einaste dei gjer for meg. Slike tankar har ingen nytteverdi. Eg vil at dei skal forsvinne. Eg vil slå dei av. Men det er jo ikkje mogleg. Om eg ikkje vil at dei skal ta så stor plass, er det eg sjølv som må gjere noko for å skyve dei unna. Eg må gjere noko som som får andre tankar til å overta plassen. Eg kan setje ein stoppar for dei. Men då må eg først bestemme meg for at eg skal gjere det. Eg må bestemme meg for at eg skal gjere noko som får tankane mine til å handle om andre ting.

Eg kan ikkje slå av tankane mine. Men eg kan bestemme meg for å setje ein stoppar for dei.