11. mai, 2020

Av og til kobler eg meg av verda der ute

Av og til har eg dagar der eg kjenner meg veldig trøtt. Så trøtt at gjeremål som eg på gode dagar utfører nesten automatisk, blir utfordringar. 

Det er ikkje ein slik trøtthet som ein kjenner om kvelden når det nærmar seg leggetid. Denne trøttheten krever ikkje nødvendigvis søvn. Det er ein trøtthet som tynger heile kroppen, og det er ein anstrengelse berre å røre på seg. Kroppen er treg. Reaksjonsevne er treg. Til og med tankane er trege og diffuse. Det er som om eg er omslutta av ein tyngde, samstundes som trøttheten kjem innanfrå. Det er som å bevege seg i sirup. 

Av og til prøver eg å vere streng med meg sjølv på slike dagar. Eg seier til meg sjølv at eg skal ta meg saman og komme i gang. Berre gjere det som skal gjerast. Eg lagar liste og plan over det eg vil og skal gjere. Nokre gonger fungerer det. Eg kjem i gang med gjeremåla. Om eg ikkje kan stryke ut alt på lista, får eg gjort noko trass i trøttheten. Andre gongar fungerer det ikkje. Det hender at den strenge stemmen min til meg sjølv fører til frustrasjon, nedstemthet og tristhet, fordi eg ikkje greier å gjere det eg har planlagt og det eg vil. Eg kjefter meg sjølv ned i dårleg sinnsstemning. Men eg har også dagar med trøtthet der eg rett og slett ikkje bryr meg om det eg ikkje får gjort. Eg gir meg sjølv lov til å "gi blaffen." Eg lar trøtthet vere trøtthet. Eg lar kropp og sinn få kvile i trøttheten. Eg lar trege og diffuse tankar få komme og gå utan å prøve og ta tak i dei. Eg lar verda der ute gå sin gang. Utan meg. Det har ingen betydning at eg "går av" verda ei stund. Den går ikkje i frå meg. Eg kan "gå på" den igjen når eg er klar.

Av og til, når eg har slike dagar med veldig trøtthet, treng eg å få vere i det. Eg treng å få vere så trøtt at eg kobler av kvardagslivet ei stund. Og det kan eg gjere. Eg kan koble meg av verda utan at det får betydning for det som går føre seg i den der ute.

Slik er det for meg å leve med mine kroniske helseplager. Eg treng det eg treng når kropp og sinn melder i frå og stiller sine krav. Det må eg ta hensyn til. Og eg kan ta hensyn til det, fordi nettopp på grunn av kroniske helseplager, så kan eg ikkje vere i arbeidslivet.

Av og til lar eg trøttheten omslutte meg. Eg kobler meg av verda ei stund. Fordi eg treng det.