4. mai, 2020

Min kamp

Eg kjempar mot smertene. Ein slik dag, der smertene er sterke. Nakke. Hovud. Det brenn og bankar. Ein slik dag, når det er smertene som bestemmer. Dei avgrensar meg. Så vondt. Eg kan ikkje berre "ta meg saman" og trosse dei. Ein slik dag, der smertene er så sterke at eg ikkje kan trosse dei. Dei påverkar funksjonsnivået mitt. Eg må tilpasse meg. Eg har ikkje lyst til det. Eg har ikkje lyst til at smertene skal styre meg. Eg har lyst til å gå ut. Vere ute og gjere noko. Hagearbeid. Gå tur i skog eller mark. I tankane mine har eg mange ting som eg har lyst til å gjere. Men eg kan ikkje. Eg er ikkje i stand til det. Smertene hindrer meg. Ein slik dag, der smertene er sterke. Nakke. Hovud. Det brenn og bankar. Sola og lyset der ute stikk som knivar i augene mine. Sola og lyset, som eg har lyst til å vere i der ute, kan eg ikkje tåle på ein slik dag. Eg kjempar mot smertene. Eg kjempar for å tåle dei. Tåle å stå i dei. Eg kjempar for å akseptere at det er ein slik dag. Min kamp. Eg kjempar min kamp, til det går over for denne gongen.