17. apr, 2020

Det er jo ikkje verre enn det!

 Det er slitsomt å ha ein kropp som ikkje er frisk. Det er slitsomt når den eine plaga avløyser den andre. Det er ikkje alltid lett å sjå lyst på livet når det alltid "er noko." Det er ikkje lett å akseptere at det ein kunne gjere utan vanskar for berre eitt år eller to sidan ikkje kan gjerast på same vis lenger. Me har jo ein tendens til å samanlikne oss sjølve med den me ein gong var. Men ei slik samanlikning er urettvis. Ein er ikkje snill med seg sjølv når ein gjer det. Ting endrer seg gjennom heile livet. Kroppen endrer seg. Mange får kroniske helseplager som betyr at ein må rette livet sitt etter det. Ein kan ikkje leve livet slik som før. 

Å leve med ein kropp som ikkje er frisk lenger, betyr at ein må leve livet på eit anna vis enn før. Det er jo ikkje verre enn det! Ikkje alltid lett, men ein har tross alt eit liv å leve🙂