12. apr, 2020

Eg er heldig som har noko bra å sakne

Eg saknar tida før Covid 19. Eg saknar tida før dette viruset kom og spreidde seg i verda vår, spreidde seg i vårt lille land og endra kvardagen vår på eit vis ingen kunne ha forutsett. Eit svært smittsomt virus har teke grep i samfunnet vårt og sett grenser for oss. 

Eg saknar dei vanlege kvardagane og dei menneska som til vanleg er ein del av livet mitt. Eg saknar den fridomen som me vanlegvis har. Dagane kan bli lange, og av og til tunge. Å bli avgrensa frå den vanlege kvardagen, halde avstand til andre menneske, halde seg heime - det gjev god tid til å tenke. Og tankane er ikkje alltid av det gode. Men eg veit at eg må gjere min del av den store dugnaden mot smitte. Eg må handtere mine negative tankar. Eg må finne måter å skyve dei vekk på. Eg må finne måter å gje dagane innhald på - utan det som vanlegvis skjer. Det er eg som har ansvar for meg sjølv. Og eg har ansvar for andre. Eg har ansvar for å følge dei smittevernstiltak som myndigheitene ber meg om å følge.

Eg saknar tida før Covid 19.  Men i dette saknet kan eg også tenke at eg er heldig. Eg er heldig som har noko å sakne. Eg har ein god kvardag å sakne. Eg har menneske å sakne. Eg har noko bra å finne attende til når smittespreiing av viruset avtar. Eg klarer meg gjennom dette. Me, i vårt lille land, klarer oss gjennom dette. Me er heldig stilt og har gode forutsetninger for å finne attende til ein kvardag som me kan kjenne igjen. Me skal komme dit. Me klarer det. Ein dag vil kvardagen komme til oss igjen. Det kjem til å gå bra for dei aller fleste av oss. ❤