6. apr, 2020

Å finne balanse i tankar og kjensler

Det er ikkje alltid lett å vere positiv. Det er ikkje alltid lett å tenke positivt og fokusere på det positive. Det å vere menneske er å ha eit stort spekter av tankar og kjensler. Det er å ha tankar og kjensler av ulik grad. 

Å fokusere på det positive og gode kan hjelpe oss med å kjenne glede. Det kan hjelpe oss med å halde fast på glede og styrke den. Og det kan hjelpe oss med å finne glede. Men mennesket har også tunge, mørke tankar og kjensler i seg. Det må me våge å erkjenne. Me må gje oss sjølve lov til å kjenne på det. Me må ha lov til å ikkje vere positive heile tida. Det er betre å gje det tunge og triste litt plass no og då. Det er betre å kjenne på det enn å heile tida undertrykke det. Menneske som alltid undertrykker det negative og vonde, vil før eller seinare måtte møte det. Det vil presse seg fram ein eller annan gong. Og om ein har samla det opp inni seg over lang tid, kan det komme til overflata med ein styrke og eit omfang som kan bli vanskeleg å handtere. Det kan bli så stort at det blir vanskeleg å finne vegen attende til det positive.

Me må våge å erkjenne at negative tankar og vonde kjensler også er ein del av oss. Å gje oss sjølve lov til å kjenne på det, er viktig. Det kan til og med vere heilt nødvendig. Men me må passe oss for at me ikkje blir i det for lenge. Å kjenne på det no og då og la det få komme fram, kan vere som eit "friminutt" for den psykiske helsa vår. Å kjenne på det og få det ut, letter på det indre trykket. Me kan gjere oss ferdig med det og finne vegen tilbake til det positive. Me kan finne vegen tilbake til gleda.

Å vere menneske er å ha eit stort spekter av tankar og kjensler av ulik grad. Det handler om å finne balanse i tankane og kjenslene sine.