22. mar, 2020

Ein dugnad som me ikkje kan gøyme oss for

Ein viruspandemi har råka samfunnet vårt. Viruset spreier seg i stor fart. Viruset i seg sjølv er, så langt me veit, ikkje farleg for folk flest. Men det viser seg å vere svært smittsamt. Difor har myndigheitene sett i verk tiltak for å bremse og stoppe viruset. Dei har sett i verk tiltak som i stor grad påverkar kvardagane våre. Me får, heilt bokstaveleg, eit avgrensa liv. Det skaper utfordringar for oss. Utan tvil. Og nokre får større utfordringar enn andre. Men me må hugse på at dei tiltaka myndigheitene har sett i verk, på sikt er til det beste for oss. Dei gjer så godt dei kan for å verne om oss alle. 

 Det er lett å bli frustrert i ein slik situasjon som me opplever no. Det er ein ekstrem situasjon. Og det skaper utfordringar. Me blir pålagt å leve på ein måte som er langt frå det kvardagslivet me lever til vanleg. Me blir pålagt tiltak som avgrensar oss. Eitt av dei mest viktige tiltaka er at me skal halde oss heime og ha fysisk avstand til andre menneske. Ein heilt ny situasjon som skaper ulike utfordringar. Men likevel - har me så mykje å klage over, eigentleg? Me har tross alt ein heim å vere i. Dei fleste får ha sine i nærleiken, får vere saman med sine næraste. Eller i det minste ha litt kontakt, om enn med ein viss fysisk avstand til kvarandre. Me kan vere utandørs. Mange av oss har naturmiljø me kan vere i. Gå på tur i skog og mark og på fjell. Kven er me til å klage, som har ein heim å vere i og som kan finne utemiljø å vere i? Me må tåle å følgje eit slikt pålegg frå myndigheitene. Dei har sett i verk tiltak på bakgrunn av informasjon frå Folkehelseinstituttet. Me må ha lit til at dei tileigner seg kunnskap om eit nytt virus som har råka samfunnet vårt. Og me bør vise raushet overfor dei, nettopp fordi det er eit virus som er nytt. Helsemyndigheiter, Storting og Regjering jobbar på for oss. Dei følgjer med på utviklinga, og dei gjer det dei kan for å bremse og stoppe dette viruset. Me skal lytte til dei. Det er vår plikt å lytte til dei. Me har alle eit ansvar for å bidra til å bremse og stoppe dette viruset. Me skal rette oss etter myndigheitene sine tiltak. For å stoppe viruset. For å verne om oss sjølve. Og ikkje minst; vere solidariske og ta hensyn til at nokre faktisk kan bli alvorleg sjuke om dei blir smitta av dette viruset. I ytterste konskvens tek viruset også liv. Så kan me ikkje berre akseptere situasjonen og "dra lasset" saman for å stoppe viruset? Når eitt av dei mest viktige tiltaka er å halde seg heime, kan me vel klare det? Og hugs: Det er mange som kvar dag jobbar på for å halde "hjula i gang." Myndigheitene jobbar fram tiltak som på sikt vil vere til det beste for oss, og mange yrkesgrupper jobbar på for å gjere det beste ut av det for oss, innanfor dei tiltaka som myndigheitene ser på som nødvendige. 

Lytt. Vis hensyn. Ta ansvar. Ver raus. Ver solidarisk.❤