8. mar, 2020

Eg har fått eit svar

Eg har fått eit svar. Eg har fått vite årsak til smertene frå nakken. MR-bilete viser tydeleg kva som er problemet. Ein tilstand som ikkje kan gjerast noko med. Ein tilstand som ikkje kan bli betre. Tvert om. Prognosen er at det vil bli gradvis verre.

Eg har fått eit negativt svar. Men det er også ei lette. Det er ei lette å få ei konkret forklaring på smertene, få vite kva som er årsak til dei, kunne forstå. Eit negativt svar om ein permanent tilstand utan utsikt til betring. Tvert om. Det vil bli gradvis bli verre. Ein nedslåande beskjed å få, ja. Men det finst behandling som kan dempe smertene. Eg kan fungere på eit vis og finne livskvalitet trass i ein permanent smertediagnose. Eg kan leve livet mitt så godt som eg får til med det funksjonsnivået eg har og får. 

Eg har fått vite at eg har ein permanent smertetilstand med prognose om gradvis forverring. Ein nedslåande beskjed å få, ja. Men slik er det, og eg kan ikkje gjere noko med det. Det eg kan, er å gjere det som er mulig å gjere for å ha livskvalitet, trass i at det er som det er og blir som det blir.