24. feb, 2020

Det som taper seg treng ikkje å gå tapt

Eg undrer meg stadig over korleis det mentale og psykiske fungerer i oss menneske. Eg undrer meg over korleis mestring kan tape seg når me møter hindringar på livsvegen.

Eg sliter med å finne igjen den turglade Wenche - den turglade Wenche som utvikla seg for 4 - 5 år sidan.Og det er ei utfordring å finne igjen den sosiale Wenche. For ca. tre år sidan møtte eg eit hinder på livsvegen. Det oppstod ei endring i helsetilstanden min. Kraftige nakkesmerter og hodepine, som etterkvart viser seg å komme frå trange nervekanaler i nakken grunna slitasje, påverka funksjonsnivået mitt. Smertene har til tider vore så intense at eg ikkje har greidd stort anna enn å vere i ro. Denne smertetilstanden vart eit hinder på livsvegen min. Den hindra meg i både turgåing og eit sosialt liv saman med andre.

Ein lang prosess for å finne ut av smertetilstanden og tilpasse rett behandling, finne ut av korleis eg kan lære meg å mestre og leve med denne kroniske smertetilstanden. Ein lang og tung veg å gå. Ein del av denne vegen ligg no bak meg. Eit og anna hinder knytt til denne tilstanden møter eg framleis. Men eg har betre forutsetninger for både deltaking i sosialt liv og for å komme meg ut og gå på tur. Likevel er det vanskeleg og utfordrande.

Å finne igjen den sosiale Wenche er mindre vanskeleg enn å finne igjen den turglade Wenche. Det sosiale er ein eigenskap som har utvikla seg gjennom ein snart 52 år gammalt liv. Det sosiale i seg sjølv er ikkje vanskeleg. Eg trives med å vere sosial. Eg trives saman med andre. Rett nok treng ein god balanse mellom åleinetid og sosialt samvær. Men det å vere sosial er ikkje vanskeleg i seg sjølv. Det som skaper litt problem for meg no, er å faktisk ta valget om å vere sosial - greie å bryte ut av ein passiv og nesten isolerande livssituasjon som smertetilstanden har skapt over tid. 

Den turglade Wenche har ikkje eksistert heile livet. Å finne turglede er noko eg har lært meg. Og det er ikkje meir enn 4 -5 år sidan eg oppdaga den gleda det er å komme seg ut i naturen og vere i rørsle. Difor sit dette ikkje så djupt i meg som den sosiale egenskapen som har utvikla seg gjennom heile livet. Naturleg nok. Men eg undrer meg likevel over at det skal vere så vanskeleg å finne igjen den turglade Wenche. Eg undrer meg over korleis det mentale og psykiske går inn i gamle spor når eit hinder oppstår. All positiv erfaring, alle gode opplevingar, all glede over å gå ute i naturen med alt det den har  gje meg - eg undrer meg litt over at det kan tape seg og gjere det så vanskeleg å finne igjen. For eg kan finne det igjen.  Eg kan finne det igjen, fordi det er der. Eg har det lagra i meg. Eg har ikkje mista det. Men det har tapt seg, fordi eg har vore hindra i å halde det ved like. Det hinderet som smertetilstanden har skapt for meg, har gjort at det mentale og psykiske har gått inn i gamle spor. Spor som det viser seg vanskeleg å komme seg bort frå igjen.  Men eit gode eg har, er at eg forstår at det er slik det er. Eg forstår at manglande vedlikehald grunna eit hinder på livsvegen har fått meg inn igjen på gamle spor mentalt og psykisk. Eg forstår at eg ikkje har mista alt det gode eg har erfart med å komme seg ut i naturen og gå på tur. Turgleda ligg i meg - der inne ein ein plass. Den har kanskje tapt seg litt, men den er ikkje tapt. Eg kan finne den igjen, og eg skal jobbe med meg sjølv for å gjere akkurat det. Eg vil finne igjen den turglade Wenche. Eg vil og eg kan.