16. feb, 2020

Eg saknar det rutineprega som følgjer med arbeidslivet

Eg saknar arbeidslivet. Eg saknar det rutineprega det er å ha ein jobb å gå til. Eg saknar at det er skilnad på kvardag og helg. Å vere uførepensjonist krever at ein sjølv fyller timar og dagar med innhald. Det krever disiplin - å stå opp om morgonen utan at det er vekkerklokke og faste forpliktelser som styrer. Å komme i gang med dagen, bestemme seg for kva innhald den skal få. Det kan vere krevande. Meir krevande enn det å ha dei faste rutinane det er når ein har ein jobb å gå til. Å vere arbeidsufør er på eit vis fridom. Fridom til å ta val som er tilpassa eige funksjonsnivå. Men det krever at ein er disiplinert. Det krever at ein tek gode val for korleis ein fyller timar og dagar med innhald. Og det er ikkje alltid så lett. Det ligg ein fare der. Ein fare for å "ramle bakpå" når faste rutinar for timar, dagar og veker ikkje er der. Faste rutinar som ein har når ein kan gå til ein jobb. Eg saknar det. Eg saknar å kunne gå på jobb. Vere ein del av arbeidslivet. Vere ein del av eit kollegialt fellesskap. Eg saknar det rutineprega som følgjer med arbeidslivet.