1. feb, 2020

Dårlege dagar kan få dei gode dagane til å skine meir

Me opplever alle å ha gode dagar og dårlege dagar. Og me kan oppleve store kontrastar mellom det gode og det vonde. Tankar og kjensler fargar dagane og livet. Tankane og kjenslene blir påverka av det som hender rundt oss. Me reagerer tankemessig og kjenslemessig på ytre faktorar. Og me reagerer ulikt.

Eg slutter aldri med å bli fascinert av det tankemessige og kjenslemessige i oss menneske. Det fascinerer meg å personleg oppleve dei store kontrastene. Den eine dagen kan vere tung psykisk og prega av helseplager. Den neste kan eg kjenne meg sterk psykisk og ha stor glede av livet.

Dei tunge og smertefulle dagane er krevande. Det er krevande å forholde seg til negative, mørke tankar og kjensler. Det er krevande å tåle og stå i det. Det er vanskeleg å akseptere og ha i tankane at denne tilstanden ikkje er evigvarande. Innerst inne veit eg at det vil gå over. Eg har blitt betre til å akseptere det. Men det er likevel krevande. Trass i at eg har ein lang læreprosess bak meg og har fått mange erfaringar på at det vil gå over, kan det vere vanskeleg for meg å ikkje bli fanga i negative tankar og kjensler. Eg må jobbe med meg sjølv når slike dagar kjem. Eg må jobbe med meg sjølv for å tåle dei og akseptere at det er som det er. Men eg har blitt betre til det. Eg har gått ein lang veg der eg har møtt gode og vonde dagar og store kontrastar. Det har gitt meg erfaringar og læring. 

Eg veit at eg rommer eit stort spekter av tankar og kjensler. Om dagar kan vere tunge og vonde, veit eg at det gode vil tre fram igjen. Det veit eg fordi eg har fått erfaring på det, og fordi eg på livsvegen min har lært meg til å ikkje gløyme det.

Me opplever alle gode og dårlege dagar, og me opplever at det kan vere store kontrastar. Og me kan oppleve brå overgangar mellom godt og vondt. Det fascinerer meg. Eg er fascinert over dei tilsynelatande uventa og brå overgangane og kontrastene. 

Det er sjølvsagt ikkje godt å vere i dei tunge og smertefulle dagane. Når me har slike dagar, ønskjer me at dei aldri skulle ha vore til. Men i det store biletet har slike dagar også sin verdi, fordi dei får dei gode dagane til å skine meir. Dei gode dagane blir enno meir gode når me kjem dit etter tunge og vonde dagar. Er det ikkje slik det er? Tenk litt på det🙂