9. jan, 2020

Oppmoding om å søkje hjelp blir utan verdi når hjelpa ikkje finst

Mykje har blitt sagt og skrive etter Ari Behn sitt sjølvmord. Oppmodingar om å søkje hjelp når ein har det tungt og mørkt psykisk. Mange gjer det. Det er mange som søkjer hjelp. Mange snakkar med fastlegen sin om at dei har det vondt og vanskeleg. Og fastlegen henviser til spesialisthelsetenesta. Prosessen mot å få hjelp er i gang. Men allereie der startar vanskane i systemet. Brua mellom fastlege og spesialist er lang. Svar frå spesialisthelsetenesta kjem kanskje rimeleg raskt. Men om ein er ein av dei heldige som får positivt svar, er ventetida fram til hjelp faktisk trer i kraft altfor lang. Det er som regel ei ventetid på fleire månader. Brua mellom fastlegen, der prosessen startar, og fram til spesialisten der hjelpa skal vere, er lang og tung å gå. Eit menneske som har det vondt og tungt og mørkt psykisk, og som har tatt mot til seg for å få hjelp, har kanskje ikkje råd til den ventetida. Lang ventetid kan for mange gje ei forverring av sjukdomstilstanden. Eit menneske som allereie har det tungt, får motløyse og håpløyse på toppen av alt når det går og ventar på hjelp. Mange held ut. Kjempar seg gjennom ventetida, og får til slutt hjelp. Andre greier ikkje å komme seg over den lange brua mot hjelp. Mange mister motet og håpet medan dei ventar på hjelp. Mange held ikkje ut gjennom ventetida. Dei held ikkje ut livet lenger. Dei velger å avslutte livet sitt.

Mange kjem ikkje eingong så langt som til ventetida. Mange får negativt svar frå spesialisthelsetenesta. Mange får det brevet der det står at dei er vurdert til å ikkje ha rett på nødvendig helsehjelp. Eit menneske som er i det djupaste personlege mørke, må lese desse orda - at det ikkje er nødvendig å hjelpe dei. Dei sit i sitt djupaste mørke, med stor psykisk smerte, og opplever den sterkaste kjensla av avvisning dei kanskje nokonsinne har kjent. Og det er dei som skal hjelpe, dei som er der for å hjelpe, som avviser. Å bli avvist er aldri ei god kjensle. Ingen av oss likar den kjensla. Men når eit menneske som er i sitt djupaste mørke har greidd å ta det steget det er å be om hjelp, får så å oppleve blank avvisning frå dei som skal hjelpe, påfører det motløyse og håpløyse. Det er ei frykteleg belastning å få på toppen av alt som allereie er vondt og vanskeleg. Det kan opplevast som ei stadfesting på at motløysa og håpløysa det kjenner er rett. Det er ikkje noko håp om betring. Ei belastning som er så stor og tung, at mange ikkje held ut. Dei held ikkje ut livet lenger. Dei velger å avslutte livet sitt.

I etterkant av Ari Behn sitt sjølvmord, var presset på bl.a. Mental Helse sin hjelpetelefon ekstra stort. Så stort at  dei ikkje makta å nå over alle som søkte kontakt. Dei hadde ikkje kapasitet til det. Regjeringa kom raskt på banen med økonomisk tilskudd til Mental Helse sin hjelpetelefon. Det er bra. Men eg skulle også ønske at dei pengane som ser ut til å vere der, kunne bli brukt og forvalta på ein måte som gav eit betre hjelpetilbod i psykiatrien. Det kan då ikkje vere slik at Norge ikkje har råd til å hjelpe dei som er sjuke(?) Dessverre ser me, i år 2020, framleis at psykisk helse og psykisk sjukdom har lågare rang enn kroppsleg helse og somatisk sjukdom. Eg forstår ikkje det, eg. Eg forstår ikkje at psykisk helse og psykisk sjukdom er så nedprioritert når tal og statistikkar fortel oss kor mange som er og blir råka av sjukdom og plager psykisk. Eg forstår ikkje at dei som sit med makta seier at dei vil kartlegge kvifor så mange velger å ta livet sitt. Eg forstår ikkje at dei ikkje kan sjå det openbare. Eg forstår ikkje at dei ikkje forstår. Det eg forstår, er at for mange blir møtet med psykisk sjukdom og måten dei blir møtt på i helsevesenet, så tungrodd og negativt at dei gir opp. Verkeleg gir opp. Dei gir opp livet. Ja, eg kan faktisk forstå det. Eg skulle ønske at dei som sit med makta og forvaltar pengane i velferdsstaten Norge, også kunne forstå det. For om dei forstår det, ville dei kanskje gjort noko med det altfor dårlege hjelpetilbodet som er i psykiatrien i dag. Eg skulle ønske dei ville forstå at det ikkje er nok å oppmode folk til å søkje hjelp. Ei slik oppmoding blir utan verdi når hjelpa ikkje finst.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------