4. des, 2019

400 000 vaksne menneske gruer seg til jul

Undersøkingar viser at 400 000 vaksne menneske gruer seg til jul. Stikkord blant desse er 'forventningspress'. For nokre handler det om forventningar om å skape den perfekte førjulstida og den perfekte jula. Det handler om å få med seg og delta på arrangement i førjulstida. Det handler om å pynte på "riktig" måte, kjøpe dei "riktige" julegåvene, lage den perfekte maten. Det handler om MÅ, BØR og SKAL.

For andre handler forventningspresset om økonomi. Det handler om å ikkje ha råd til å delta på arrangement i førjulstida. Det handler om å ikkje ha råd til fylle hus og heim med julepynt, ikkje ha råd til å kjøpe mange julegåver, ikkje ha råd til å kjøpe all den gode julematen. Det handler om kjensla av å ikkje strekke til. Det handler om kjensla av MINDREVERD og SKAM.

Perfekt jul-gruppa og dårleg råd-gruppa kjenner begge på forventningspress. Forventningspress som blir lagt på oss av ytre faktorar, men også det forventningspresset me legg på oss sjølve gjennom å samanlikne oss med kvarandre.

Perfekt jul-gruppa har større handlingsrom til å gjere noko for å dempe det stresset som gjer at dei gruer seg til jul. Dei har større moglegheit til både å velge og til å velge bort. Dei kan sjølve gjere noko for å skape ei mindre stressande førjulstid og julefeiring.  

Dårleg råd-gruppa har ikkje det same handlingsrommet. Dei må i større grad velge bort og gjere harde prioriteringar. Det dei ikkje har råd til, har dei ikkje råd til. Har dei ikkje pengar så har dei ikkje pengar. Dei er tvinga til å skape ei førjulstid og ei julefeiring innanfor stramme rammer som dei ikkje kan gjere noko med.

Forventningspresset er der. For oss alle. Det kjem frå alle kantar og det vil det halde fram med å gjere. Det er vanskeleg, og kanskje umogleg, å endre på. Det er som det er. Men trass i det, har me alle moglegheit til å ta våre valg om korleis me vil forholde oss til det. Perfekt jul-gruppa kan velge å tone ned forventningspresset. Ta valg som reduserer stress. Gjere prioriteringar som kan skape ei betre førjulstid og julefeiring. Dårleg råd-gruppa kan også gjere noko for å redusere kjensla av å grue seg til jul. Trass i at det å ha dårleg råd er skambelagt, kan det å vere meir open om det vere til hjelp. Det kan vere ei lette å setje ord på det for slekt og vener. Seie i frå om at "eg har ikkje råd til å gå på den julekonserten." Seie frå om at "det blir ikkje dei store og flotte julegåvene frå oss/meg." Å erkjenne det for seg sjølv, å akseptere at det er som det er og våge å setje ord på det, kan vere ei lette som gir rom for å skape ei førjulstid og ei julefeiring som, trass alt, blir betre.

400 000 vaksne menneske gruer seg til jul. Forventningspress frå alle kantar. Men det er mogleg å sjølv ta nokre valg som reduserer kjensla av å grue seg. 

Bruk hovudet og finn ditt BRA NOK! 🙂

*****************************************************************************************************