22. nov, 2019

Morgonstund har ikkje alltid gull i munn

Det heiter seg at morgonstund har gull i munn. Det syns ikkje eg. Morgonstunda er ofte den verste tida på dagen. Morgonstunda mi er ofte prega av stort trykk på helseplagene eg har, både kroppslege og psykiske plager. Hodepine og smerter i kroppen. Altfor mange tankar. Tankar om det eg burde, skulle og har lyst til å bruke dagen til. Smerter som fortel meg at mykje av det ikkje vil la seg gjennomføre. At smertene avgrensar meg, genererer negative tankar. Negative tankar tynger, og gjer meg nedstemt. Nedtemthet gjer meg ubesluttsom og kan resultere i passivitet. Passivitet og mangel på rørsle opprettheld smertene. #den_onde_sirkelen 

Morgonstund har ikkje alltid gull i munn. Morgonstund kan vere krevande. Den kan kreve hard mental jobbing for å gje seg sjølv og dagen ein sjanse.

*****************************************************************************************************