13. nov, 2019

Eg kan. Og det kan du også.

Onsdag, og bassengtrening. Eg er heldig som har eit slikt tilbod nær der eg bur. Eg har delteke i denne treningsgruppa èin gong etter at eg kom heim frå rehabiliteringsopphald på Hauglandssenteret. Under det opphaldet var bassengtrening ein stor del av mitt treningsopplegg. Eg likar å vere i basseng. Eg likar å sømje, og eg likar å trene i basseng. Likevel sit eg og er i kontakt med "gamle" tankar: "Eg orkar ikkje i dag, føler meg ikkje opplagt til bassengtrening." Det ville vere så lett og gi etter for desse tankane. Finne årsaker og unnskyldningar overfor meg sjølv til å la vere å delta. Det kan eg. Eg er god til det - å finne legitime unnskyldningar overfor meg sjølv. Det har eg gjort i så mange år at det er automatisert. Automatiske negative tankar som fører til at eg unngår og unnviker med unnskyldnngar som kan overbevise meg om at det er rett å la vere.

Men.... eg kan også velge å ikkje lytte til den Wenche som gjer dette. Eg kan velge å setje ein stoppar for dei negative tankane og erstatte dei med hensiktsmessige og nyttige tankar. Tankar som er basert på god erfaring med å delta på bassengtreninga. Eg veit jo at eg likar det og at det er kjekt. Eg veit at det er bra for meg, at det gjer meg godt. Det er opp til meg kva for tankar som skal få størst plass, Det er mitt valg.

"Stopp! Stopp dei negative tankane, Wenche. Berre stopp dei, og hent fram dei hensiktsmessige og nyttige tankane. Eg kan. Eg skal. Og eigentleg vil eg også. Eg kan. Eg skal. Eg vil." Ferdig tenkt!

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg deltok på bassengtreninga, og veit de? Det vart akkurat slik som eg eigentlig visste at det kom til å bli: Veldig bra! Ei god treningsøkt saman med hyggelege folk. Det er godt å kjenne at treninga "tar" i kroppen og får i gang muskulatur som har lagt nesten ubrukt og anspent altfor lenge. Eg er fornøgd med og glad for at bestemte meg for å hente fram og ta i bruk dei kognitive teknikkane som eg har lært meg og trent på over tid, og som difor ligg lagra i meg. Eg kan. Og det kan du også. Du kan lære den kognitive modellen og finne ut av korleis du kan bruke den. No er det ikkje slik at det ordner "alt" på kort tid. Å lære seg å bruke kognitive teknikkar tar tid. Ein må trene seg fram til å bruke det på ein måte som er til nytte for ein sjølv. Det kan vere ein fordel å ha nokon med seg på laget i ein slik treningsprosess. Nokon som har kunnskap om den kognitive modellen. Å utføre ei slik endring i tankemønster på eigen hand kan vere vanskeleg. 

Eg er takksam for dei menneska i helsevesenet som opp gjennom åra har vore mine hjelparar i prossessen med å snu om på tankar ved hjelp av kognitiv terapi.

Eg kan. Og det kan du også. Lærdom, mental trening og tolmod må til. Men om du er open for det og villig til å prøve, så kan du også.

*****************************************************************************************************