4. nov, 2019

Eit lite steg bakover er ikkje eit endeleg nederlag

Eit lite steg bakover. Eg registrerer at det skjer. Eg kjenner det igjen. Eit lite steg bakover til eit kjent område. Eg kjenner igjen tankane.  Altfor mange tankar. Unyttige, negative tankar. Dei skapar vanskar for meg.Lagar sperringar. Eg blir handlingslamma. Med tankane kjem det kjensler. Tunge kjensler. Kjensla av å ikkje mestre. Kjensla av å ikkje vere flink nok, å vere mislykka. Tankane forsterkar kjenslene. Kjenslene forsterkar tankane. Den velkjente onde sirkelen.

Eit lite steg bakover. Inn i eit område som ikkje er bra. Eg registrerer at det skjer. Eg kjenner det igjen. Det er ein god ting at eg registrerer det og kjenner det igjen. Eg forstår kva som skjer. Eg veit at det ikkje er eit endeleg tilbakesteg. Eg veit at eg kan ta steget framover igjen. Eg kan gå fram og ut av det området. Eg kan bryte ut av den onde sirkelen. Eg veit at eg kan. Kanskje treng eg å vere der litt? Ta ein pause i eit område som er kjent, trass i at det ikkje er så bra? Kanskje eg treng å vere der litt? Ikkje lenge. Berre ei lita stund, før eg tar steget fram og ut igjen. For eg veit at eg kan.

*****************************************************************************************************