27. okt, 2019

Dosering - å ta vare på seg sjølv

Dosering handler ikkje berre om medikament. Dosering kan nyttast på mange område. Det kan nyttast i samband med fysisk aktivitet og trening, å finne fram til treningsmengde og treningsintensitet som er realistisk og passande for seg sjølv. Ofte blir det slik at når ein har tatt avgjersla om å starte med meir fysisk aktivitet og trening, går ein for hardt ut og det ender med at ein gir opp. Men om ein finn rett dosering for mengde og intensitet basert på det grunnlaget ein startar med, kan det vere lettare å halde ut over tid og få det inn i faste rutinar. Dosering kan også handle om tidsbruk. Det kan handle om å gjere prioriteringar og valg om kva ein brukar tida si til. Korleis vil du bruke tida di? Kva tapper deg for energi? Kva gir deg påfyll av energi? Kan du velge vekk og kutte ned tidsbruk på det som tapper deg? Kan du prioritere og auke tidsbruk på det som gir deg påfyll? Kan du endre dosering knytt til tidsbruk? Me må få lov til å dosere dette på ein måte som gjer oss godt. Det handler ikkje om å vere egoistisk. Det handler om å vere snill med seg sjølv. Det handler om å ta seg sjølv og eigne behov på alvor. Det handler om å ta vare på seg sjølv.

Dosering handler ikkje berre om medikament. Dosering kan nyttast på mange område. Det kan nyttast til å gjere det som er rett for ein sjølv, til det som gjer ein sjølv godt.

*****************************************************************************************************