15. okt, 2019

Eg har komme i gang med ein ny start

Rehabiliteringsopphaldet mitt er snart over. Tre veker på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Det har vore bra for meg å vere her. Eg har hatt god nytte av det. Det har vore positivt, både treningsmessig og sosialt. Det har gjort meg godt, og eg opplever det som ein ny start for meg. Men eg skal ikkje leggje skjul på at det også har vore krevande.

Halvvegs inn i opphaldsperioden kjente eg veldig på at eg var mentalt sliten. Å vere i ein slik situasjon, som er langt frå det vanlege kvardagslivet, over så lang tid, tek på. På den eine sida; treningsaktivitetane triggar dei vondtene som er grunnen til at eg er her. Det er den der greia med at det blir verre før det blir betre. Men så er det jo nettopp difor eg kom hit, for å komme meg gjennom og forbi det stadiet i eit miljø og med eit opplegg som kunne ivareta meg og hjelpe meg til å ikkje miste motet når det stadiet kom. Eg har fått erfaring på at kan halde ut og komme meg gjennom det. Eg har fått erfaring på at eg kan greie å stå på og eg har fått støtte til å halde fast på trua om at det blir betre, trass i at smertene aukar under trening. Om eg skulle ha jobba med slik trening på eigenhand, kunne eg nok lett ha gitt opp når eg møtte *verre-før-det-blir-betre* - stadiet.

Hauglandssenteret har plass til mange menneske. Og i ein del settinger møtes mange av oss samstundes. I kvardagslivet mitt er det sjeldan eg omgås så mange menneske. Det sosiale livet her, er veldig annleis frå det eg har heime i kvardagen. Det er god moglegheit til å trekkje seg tilbake når ein kjenner behov for det. Men det har til tider vore slitsomt for meg med så mange menneske og alt det sosiale som også er ein del av eit slikt opplegg. Eg vedgår at eg ikkje var heilt førebudd på at eg skulle bli så mentalt sliten, då eg var svært motivert for dette opphaldet. Men heldigvis er det rom for å ta omsyn til seg sjølv og tilpasse aktivitetsnivå, både treningsmessig og sosialt når slikt oppstår. Eg har aldri opplevd kjensla av å bli pressa til å delta når eg har kjent på at det har blitt for mykje for meg. Eg har opplevd å bli både sett og høyrd, som den personen som veit "kvar skoen trykkjer." Eg har blitt behandla med respekt for at det er eg som kjenner meg sjølv best.

Tre veker på Haugland Rehabiliteringssenter. Dyktige og greie fagfolk. God mat. Fantastiske omgjevnader.. Flott natur. Og eg har vore heldig med vèret den tida eg har vore her. Hausten har synt seg frå si beste side.

Samla sett, har eg hatt eit godt og nyttig opphald. Eg har komme i gang med ein ny start. Eg er takksam og glad for at eg fekk komme hit.. Men no er eg veldig klar for å reise heim og halde fram på den vegen eg har starta på her.

Takk for meg, fine og gode Hauglandssenteret🙂

*****************************************************************************************************