29. sep, 2019

Ein oase for hjelp til sjølvhjelp

Den femte dagen min på Haugland rehabiliteringssenter. Det er så fint her. Fantastisk flotte naturomgjevnader som er lagt til rette på ein god måte, både for naturen og for menneska som kjem hit.

Det er så fint her. Og det er så fint å vere her. Dyktige fagpersonar og gode tilbod som hjelper ein på vegen mot å mestre sine eigne helseutfordringar. Eg har møtt nye menneske som eg trives saman med. Eg likar eigentleg ikkje ordet 'medpasient' men pr. definisjon er me jo pasientar i denne helsetenesta. Så eg har altså møtt medpasientar som eg kan prate med og le saman med. Me kan lære av kvarandre, inspirere kvarandre og motivere kvarandre. Me har alle våre grunnar til å vere her, og me får eit fellesskap med forståing for at me er her, utan å måtte forklare. Nokre av oss kjem tettare på kvarandre og blir betre kjende med kvarandre. Og nokre har me mindre kontakt med. Slik er det med oss menneske; me "finn tonen" betre med nokre enn med andre. 

Den femte dagen min her. Eg har hatt nokre treningsøkter. Men dei første dagane er lagt opp som ein tilvenningsprosess. Me skal få tid til å bli kjende med staden og rutinane, og finne ro og trivsel. Det er bra. Det er godt å få den tida. No har eg funne meg til rette. Eg har funne ro og trivsel, og eg kjenner meg klar til å møte utfordringar i treningsplan etterkvart som dei kjem.

Den femte dagen. Eg har vore her i fem dagar, men eg er berre i startgropa. Eg har mange dagar framfor meg på denne gode staden. Mange dagar med eit tilpassa opplegg som skal hjelpe meg på vegen vidare for betre mestring i kvardagen når eg kjem heim igjen.

Det er så fint her. Og det er så fint å vere her. Eg er takksam for at eg har fått komme hit.

*****************************************************************************************************