16. sep, 2019

Tristhet kan vere meir enn tristhet

 

 "Fokuser på det positive. Tenk på alt det gode du har i livet ditt. Tenk på alt det du har å vere takksam for." 

 

 

Dette er gode råd, som er godt meint. Dette er gode råd som kan vere til hjelp. Og me har alle noko positivt og godt i livet. Eit eller anna, om det er lite eller stort. Noko som me har grunn til å vere takksame for. Og det å hente fram tankar knytt til dette i tunge stunder, er veldig ofte til hjelp.

Tunge stunder... Det kan vere så mangt. Alle har tunge stunder no og då. Me kan kjenne oss nedfor og triste grunna noko som har hendt. Me kan kjenne sorg over noko som er over eller over nokon me har mista. Sorg er tristhet. Det er tristhet som blir utløyst av ein grunn. Og det er absolutt lov å kjenne på slik tristhet. Det er sunt å ha slike kjensler. Me skal la dei komme. Me treng å kjenne på dei for å bearbeide sorg og tristhet. Men det er ikkje sunt å bli i det altfor lenge. Me er ulike og me treng ulik tid på å kjenne på det. Det er ingen fasit på kor lenge det skal vare. Men før eller seinare treng me å komme oss ut av slik tristhet og sorg. Me treng å komme tilbake til det kvardagslege. Me skal gå vidare i livet. Og for å få det til, kan det vere til hjelp å fokusere på det positive og gode som me har i livet. Det me har å vere takksame for.

Tristhet kan vere så mangt. Å kjenne seg nedstemt og trist utan ein openbar grunn kan vere depresjon. Depresjon er ein diagnose. Depresjon er psykisk sjukdom. Me brukar ofte begrept 'depresjon' i daglegtalen. Me brukar orda 'deprimerande' og 'deppa' om hendingar som for eit menneske med ein depresjonsdiagnose kan virke som kvardagslege bagateller. Slik er det berre. Og eg seier ikkje at me skal slutte med det. Det er berre slik det er. Desse orda har blitt ein del av det kvardagslege vokabularet vårt. Men depresjon, det å vere verkeleg deprimert som den psykiske sjukdomen det er, er meir enn det å kjenne seg nedfor og trist. Det går langt djupare. Det langt mørkare. Det er ein sjukdomstilstand. Og når ein er deprimert, verkeleg deprimert, kjenner ein ikkje dei gode kjenslene som er knytt til det positive og gode ein har i livet sitt. Ein kan ikkje kjenne dei kjenslene som er knytt til det å vere takksam. Ein veit veldig godt at ein har positive og gode ting i livet. Ein veit veldig godt at ein har mykje å vere takksam for. Med intellektet veit ein det. Men når ein er deprimert, verkeleg deprimert, er det så mørkt, tungt og trist på innsida at det kjennes som om ein har mista dei gode kjenslene. Og det er ikkje berre å hente dei fram igjen med å tenke på det gode og positive og alt det ein har å vere takksam for. Å kreve det av eit menneske som deprimert kan faktisk virke mot sin hensikt, fordi det kan framkalle skuldkjensle. Ein kan kjenne skuld og dårleg samvit fordi ein ikkje greier å setje pris på det gode og positive, og fordi ein ikkje greier å kjenne seg takksam. Slik eg ser det, må ein senke terskelen for å hjelpe eit deprimert menneske til å finne tilbake til det positive og gode i livet. Å gå rett på og starte med formaningar om å tenke positivt, å tenke på det gode, å tenke på det ein har å vere takksam for, kan skape ei forverring for den deprimerte. Å vite med intellektet, men ikkje greie å finne kjenslene...  Det er sårt. Det er trist. Ein kjenner seg utakksam og håplaus, og ein dreg seg sjølv enno lenger ned i mørket.

"Fokuser på det positive. Tenk på alt det gode du har i livet ditt. Tenk på alt det du har å vere takksam for."

Gode råd som er godt meint. Men me må hugse på at tristhet har mange fasettar. Tristhet kan vere meir enn tristhet. Tristhet kan vere meir enn det å vere nedfor og kjenne sorg. Tristhet kan vere depresjon. Depresjon er ein sjukdomtilstand. Det er ein diagnose. Og då treng ein meir hjelp enn å få formaningar om å fokusere på det positive og gode og det ein har å vere takksam for. Det kan vere stor skilnad tristhet og tristhet. Det må me hugse på.

***********************************************************************