3. sep, 2019

Eg kan ikkje stoppe verda, men eg kan gå av og ta ein pause

Det er dagar der eg tenker: "Stopp, verda! Eg vil av. I dag vil eg ikkje vere med på det som skjer. Eg vil av. Eg vil ha ein pause frå deg i dag, verda."

 

Eg treng det av og til. Eg treng ein pause frå verda og det som skjer i den. 

 

 

Eg kan ikkje be verda stoppe opp og stå stille. Verda går sin gang. Alltid. Verda er den same og menneska i verda er dei same sjølv om eg har ein tung dag og ikkje vil vere med på det som skjer - der ute i verda. 

Eg kan ikkje få alt til å stoppe opp fordi om eg har ein dag der eg ikkje vil vere med. Eg kan ikkje få verda til å stå stille. Men eg kan "gå av" og ta ein pause. Eg kan gje meg sjølv lov til det. Eg kan gje meg sjølv lov til  å ha ein dag der eg ikkje vil vere med.

Verda er den same sjølv om kjenslene mine endrer seg. Verda er den same sjølv om eg har ein tung dag. 

Verda går sin gang, den. Alltid. Men eg ikkje alltid vere med den. Eg ikkje vere med på alt som skjer. Verda greier seg fint om eg utblir ei lita stund. Eg kan "gå av" og ta ein pause når det er det eg treng. Og eg kan "hoppe på" igjen når eg er klar til det. Det kan eg bestemme. Eg kan velge å "gå av" for ei stund og "hoppe på" igjen når eg er klar.

****************************************************************************************************