25. aug, 2019

Eg veit at det går over

Eg har ulike metodar som er til hjelp for meg når eg får negative tankar. Kognitive teknikkar. Konkrete ting eg kan gjere for å få avledning. Eg har trent på å bruke dei og eg har fått erfaringar på at det fungerer. Det betyr ikkje at eg har full kontroll over negative tankar. Det hender at slike tankar liksom slår ned i meg med ei kraft som overvelder meg. Det påverkar kjenslene mine. Eg "går i kjelleren" og gråten tek meg. Der og då gløymer eg litt det eg har lært av metodar og teknikkar. Eg mister det av synet når negative tankar og sterke, triste kjensler overvelder meg.

Eg har ikkje full kontroll over negative tankar. Det kjem eg heller aldri til å få. Metodar, teknikkar, verktøy - ja, det har eg. Og eg kan bruke dei. Men det hender at tankar og kjensler blir så overveldande at eg ikkje heilt greier å sjå og gjere nytte av dei metodane som kan hjelpe meg. 

Av og til blir det så tungt og mørkt inni meg at eg må gråte. Av og til er det nødvendig å la gråten få komme. Negative tankar og triste kjensler er også ein del av den eg er. Eg kan ikkje stenge av og få fullstendig kontroll ved hjelp av metodar og teknikkar. Det kan eg ikkje og det vil eg ikkje. Eg vil ikkje vere ein person med "stålkontroll" på negative tankar og kjensler. 

Eg kan leve med at eg av og til mister metodar og teknikkar av synet. Eg kan leve med at eg av og til må la gråten få komme. Eg kan leve med det, fordi eg med åra har fått erfaring på at det ikkje betyr fullstendig tap av kontroll. Eg veit at eg tåler det. Eg veit at eg kjem meg gjennom det. Eg veit at det går over.

*****************************************************************************************************