9. aug, 2019

Ikkje min beste sommar, men eg er takksam for dei gode dagane

Sommaren 2019 går mot slutten. Ferietid for yrkesaktive, studentar og skuleelevar er snart over, og kvardagslivet tek til att.

Våren og sommaren 2019 har ikkje vore blant mine beste. Det har vore ei tid med helseplager av ein slik grad at det har avgrensa meg. Muskel - og leddsmerter og kronisk hodepine i større eller mindre grad. Nedstemhet, tungsinn og depressive periodar. Eg har hatt lite energi og overskot til aktivitetar og sosiale samvær. Og då eg i slutten av mai fekk akutt galleblærebetennelse med ein CRP på over 400 og måtte operere for å fjerne galleblæra, gjekk eg heilt tom for energi og krefter. Eg brukte nesten fire veker på å restituere meg etter dette, og då var me allereie godt inne i juni månad.

Så, som sagt, våren og sommaren 2019 har ikkje vore blant mine beste. MEN; eg har også hatt gode opplevingar. Innimellom har eg hatt fine, gode og kjekke dagar saman med andre. Om eg ikkje har fått utnytte ein fin vestlandssommar til fulle, så har eg fått nyte enkeltdagar saman med store og små menneske. Og sommaren 2019 vart den sommaren då eg for første gong på veldig mange år bada i sjøen! (utanom syden-bading)

Trass i at helseutfordringar har teke stor plass i livet mitt denne våren og sommaren, har eg fått gode opplevingar som eg kan minnast og ta med meg på vegen vidare. Dessutan har eg noko å sjå fram til når hausten kjem. I september skal eg på rehabiliteringsopphald i vakre Sogn - og Fjordane. I tre veker skal eg vere der og få hjelp til å hjelpe meg sjølv til betring og meistring av helseutfordringane mine. Det ser eg fram til med motivasjon og glede.

Vår og sommar 2019 - ikkje blant mine beste. Men likevel, når eg oppsummerer: Takk for dei gode opplevingane eg trass alt har fått til minnebanken min.

*****************************************************************************************************