30. jul, 2019

Å kunne velge

Fine og varme sommardagar. Samvær med andre. Glade barn og glade vaksne. Gode samtalar. Humor og latter. Det gjer godt. Det gjev påfyll. Mentalt påfyll. Det løftar sinnsstemningen.

Mange slike dagar etter kvarandre. Ja, det har gjort meg godt. Men så er eg ein slik person som treng åleinetid også. Eg treng tid for meg sjølv som eg kan bruke heilt etter eigne behov. Eg treng dagar der eg tek livet med ro. Etter mange fine dagar saman med andre, treng eg åleinetid. Eg treng ro. Eg reflekterer over dei gode opplevingane eg har hatt. Gode samtalar. Humor og latter. Livsglade menneske i alle aldrar som tek for seg av livet på eineståande fine sommardagar. Og det har eg fått vere ein del av. 

Eg er heldig som kan få gode opplevingar saman med andre. Eg veit at veldig mange slit med einsemd. Det er ingen god situasjon å vere i. For meg er ikkje åleinetid einsemd. For meg er det å kunne ha åleinetid nødvendig. Finne ro med å lytte til musikk. Lytte til lydbøker. Gjere "ingenting." Kvalitetstid i mitt eige selskap.  Eg er heldig som har mulighet til det.

Å kunne velge om eg vil ha samvær med andre eller om eg vil ha åleinetid - eg er heldig. 

''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''