22. jul, 2019

Det er vår plikt å aldri gløyme

Me skal aldri gløyme. Me må aldri gløyme. Ord som fekk ny styrke etter den ekstreme handlinga som traff vårt vesle land fredag 22. juli 2011. Èin mann som kjende hat mot den sitjande regjering valgte å gjere hatet til handling - ei ufatteleg og ekstrem handling - ei terrorhandling.

Bombe i Regjeringskvartalet. Åtte menneske mista livet. Skyting på AUF-leiren på Utøya. Med kaldt blod retta han våpen mot unge menneske og trakk av. Igjen og igjen. Mange skudd mot mange unge menneske. 69 unge menneske mista livet. 

Me skal aldri gløyme. Me må aldri gløyme. Vårt vesle land stod samla om denne bodskapen etter den grusomme handlinga.

Likevel ser me i dag at hat og hets kjem fram i sterke ord, spesielt i kommentarfelt på nettet. Vaksne menneske ytrer si usemje med andre i hatske og hetsande ord.

Hat. Hetsing. Polarisering. Det ekstreme. Åtte år etter terrorhandlinga, er dette kanskje enno meir tydeleg i ordskiftet som blir brukt på nettet. Det er farleg. Farlegare enn det dei som brukar slike ord kanskje fatter. Blant dei som skriv, les og støttar opp om hatefulle og hetsande ytringar, kan det sitje menneske som blir hissa til handling.

Èin mann stod bak terrorhandlinga 22. juli 2011. I sin forvridde virkelighet tok han 77 liv.

Me skal aldri gløyme. Me må aldri gløyme. Det er vår plikt å aldri gløyme. 

*****************************************************************************************************