7. jul, 2019

Så enkelt, og likevel så betydningsfullt

 

 Etter at eg vart råka av alvorleg depresjon i 1996, hadde eg det tungt og vanskeleg i mange år. Dei første åra var det ikkje snakk om depressive periodar, at det gjekk opp og ned (som me brukar å seie). Eg var alvorleg deprimert over fleire år. I periodar var eg i stand til å ta såpass kontroll over tunge tankar og kjensler at eg kunne fungere utad på eit vis. Men mi oppleving var at dagane mine var prega av eit indre mørke av triste kjensler som ikkje gav rom for gode kjensler.

På den tida gjekk i behandling hjå ein psykiater - ei dyktig og klok dame som lærte meg mykje. Eitt konkret "grep" ho lærte meg var å lage ein oversikt over korleis kvar dag samla sett hadde vore kjenslemessig, ved hjelp av eit skjema med fargekodar. Èin farge for dei aller mørkaste dagane, èin farge for dagar som var litt mindre tunge, èin farge for dagar som var "midt på trèet, og ein farge for dagar som var bra. Målet med dette, var å få fram gjennom visualisering at ikkje alle dagar var så mørke og tunge som eg sjølv hadde oppleving av. Og ved å bruke eit slikt verktøy tvinga eg meg sjølv til å kjenne betre etter korleis eg eigentleg hadde det, og oppdaga at eg kunne komme i kontakt med gode kjensler også.

Det gjekk ikkje lang tid før eg heilt konkret kunne sjå at alle fire fargane var representert i skjemaet mitt. Eg oppdaga at eg faktisk hadde ein del  "midt på trèet"- dagar og til og med nokre dagar med farge for at dagen samla sett hadde vore bra.

Denne visualiseringa var til hjelp for å finne håpet igjen. Eg kunne halde håpet levande, fordi eg oppdaga at eg framleis kunne komme i kontakt med andre kjensler enn dei tunge og triste. Dei gode kjenslene var framleis i meg. Eg hadde ikkje mista evna til å kjenne dei. Trass i mange mørke og tunge dagar, fekk eg visse om at dei gode kjenslene ikkje var borte for alltid. Dei vart berre gøymt og halde nede av av det mørke og triste. Dei vart gøymt og halde nede av depresjonen. Men dei var der.

Dei gode kjenslene var der, dei levde og det var mogleg å komme i kontakt med dei.

Å bruke visualisering på denne måten, er noko eg kan tilrå. Både det å måtte tvinge seg sjølv forbi det mørke og tunge gjennom å vere meir bevisst på kjenslene sine, og det å få ein konkret oversikt og sjå at dagane faktisk er ulike kjenslemessig, kan vere til god hjelp. Så enkelt, og likevel så betydningsfullt. Det fungerte for meg. Og det kan fungere for deg, om du er villig til å prøve.

Så enkelt, og likevel så betydningsfullt. Kul

*****************************************************************************************************