7. mai, 2019

Korleis ser sjuk ut...?

Å leve med kronisk sjukdom er for dei fleste ei utfordring. Mange kroniske sjukdomar er ikkje synlege for andre. Mange opplever å få kommentarar om at dei ser så friske ut, at dei ikkje ser sjuke ut. Mange opplever seg mistenkeleggjort, fordi dei "klarer jo så mykje" men likevel ikkje er i jobb. Å få slike kommentarar og mistenksame hentydningar, kan vere veldig sårande for mange.

Å leve med kronisk sjukdom betyr for mange at det er både gode og dårlege periodar. 

Har du tenkt på at det er i dei gode periodane du ser mest til desse menneska? Har du tenkt på at dei kanskje ikkje er så mykje ute blant folk i dei dårlege periodane? Me vil vel alle helst vere på vårt beste når me er ute saman med andre. Me vil vise oss frå vår beste side. Me vil yte og bidra sosialt. Og til det treng me energi og overskudd. Me treng å vere "påkobla."

På dårlege dagar og i dårlege periodar er me meir kjenslevare. Fokuset er retta mot årsaka til den dårlege dagen, den dårlege perioden. Det krever meir av oss å "koble på" for å yte og bidra i samspel med andre. Når ein lever med kronisk sjukdom kan graden av kjensler og sårbarhet vere større enn hjå dei som er friske i tillegg til at sjukdomen i seg sjølv kan vere smertefull og funksjonsnedsetjande.

Å ha ein dårleg dag, har eit stort spekter. Å ha ein dårleg dag er subjektivt. Me møter og handterer ulikt, fordi ingen av oss er like. Det eg definerer som ein dårleg dag for meg, er kanskje ikkje ein dårleg dag for deg sjølv om det me "står i" kan vere tilnærma likt. Og det du definerer som ein dårleg dag for deg, opplever kanskje ikkje eg som ein dårleg dag for meg.

Å leve med kronisk sjukdom, er for mange ei utfordring. Å leve med kronisk sjukdom betyr i mange tilfelle at sjukdomen er usynleg for andre. Livsvegen gir både gode og dårlege strekningar, gode og dårlege periodar.

Eg trur at dei fleste av oss kjenner, eller kjenner til, nokon som har kronisk sjukdom. Eg vågar å påstå at dei fleste av oss har nok kunnskap til å vite at det finst kronisk sjukdom som er usynleg for andre. 

Har du tenkt på at det er i dei gode periodane du ser mest til desse menneska? Har du tenkt på at dei kanskje er mindre ute blant folk når sjukdomen herjer med dei? Har du tenkt på det? Ikkje?

Tenk litt på det neste gong du meiner noko om eit anna menneske, som du eigentleg berre kjenner ein liten brøkdel av. Kul

*****************************************************************************************************