27. apr, 2019

Det er lov å miste positiviteten av syne ei stund

Å tenke positivt er ein god ting. Å halde fast på det som tross alt er bra, kan hindre at ein synker ned i tungsinn. Men det kjem dagar og periodar der ein får så stor grad av lidelsestrykk at det er vanskeleg å ha fokus på det som tross alt er er bra. Av og til blir smerter, kroppslege eller psykiske, så vonde at dei overskygger alt anna. Då er det vanskeleg å få tak i og halde fast på det gode som ein også har i livet sitt. Og det er greitt. Det er lov å ha dårlege dagar og periodar. Det er lov å ikkje tenke positivt heile tida. Det er lov å kjenne på negative kjensler som er knytt til plager og smerter. Det er lov å kjenne seg frustrert, sint, fortvila og trist over måten plager og smerter påverkar dagane. Det er lov! Og det er kanskje til og med nødvendig av og til. Negative og vonde kjensler er jo også ein del av det mennesket ein er. Men ein må passe seg for at det ikkje går for langt. Ein må passe seg for å synke så langt ned i tungsinn at vegen opp igjen blir uoverkommeleg.

Eg har dagar og periodar med så stor grad av lidelsestrykk at eg kjenner på frustrasjon. Eg kjenner på sinne. Eg blir fortvila og trist. Eg kjenner på alt dette når eg har dagar og periodar der eg ikkje er i stand til å gjere det eg har lyst til. I det store og heile har eg akseptert den livssituasjonen eg har. Eg har akseptert at mine helseutfordringar er av ein slik grad at eg ikkje kan vere ein del av arbeidslivet. Eg har akseptert at det går litt opp ned på livsvegen min, og at eg må ta dag for dag fordi plagene mine er uforutsigbare. Om eg har ein god dag, betyr ikkje det nødvendigvis at morgondagen blir like god. Eg har akseptert at eg må leve med dei plagene eg har, og at dei i stor grad bestemmer korleis dagane mine kan vere.

Men av og til, når lidelsestrykket blir for stort, kan eg kjenne på at det er vanskeleg å akseptere dei begrensningene plagene mine skaper. Eg blir frustrert og fortvila over at gjeremål som før gjekk kjapt og greitt ofte blir nesten uoverkommelege. Eg kan begynne på noko med lyst og iver, men må avslutte med halvgjort arbeid fordi kroppen seier stopp. Og det er ikkje alltid lett å akseptere. Eg blir frustrert, sint, fortvila og trist over at eg ikkje greier å gjennomføre heilt vanlege og daglegdagse gjeremål.

Eg har jobba så mykje med meg sjølv at eg kan gje meg sjølv lov til å sleppe til desse kjenslene. Eg kan gje meg sjølv lov til å "gi blaffen" i positiv tenking av og til. Eg kan gjere det, fordi eg har lært om og funne fram til "verktøy" som hjelper meg med å finne vegen opp igjen frå negativitet og tungsinn. Eg har erfaringar på at det fungerer og at eg kan.

Å tenke positivt er ein god ting. Å halde fast på det som tross alt er bra, er viktig. Men det er lov å miste positiviteten av syne ei stund. Det er lov å kjenne på negative og vonde kjensler. Slike kjensler er også ein del av det mennesket du er. Du ikkje vere positiv heile tida. Slik eg ser det, er det viktig å kunne erkjenne sine negative og vonde kjensler. Det er viktig å gje seg sjølv lov til å kjenne på dei. Å erkjenne heile spekteret av kjenslene sine, er å ta seg sjølv på alvor. Det er å vere tru mot seg sjølv. Og etter mitt syn, er det langt meir viktig enn falsk og overdreven positivitet. 

Kul

 

************************************************************************************