20. apr, 2019

For å endre må du våge å erkjenne

Når me møter vanskar og utfordringar på livsvegen som påverkar kjenslene våre, er det opp til oss sjølve korleis me vil forholde oss til det. Me kan velge å undertrykke kjenslene, "legge lokk" på dei og halde fram så godt me kan som om det ikkje har gjort noko med oss. Av og til kan det vere mest hensiktsmessig å ikkje analysere og gruble for mykje over vanskar og utfordringar me kjem opp i. Det kan vere mest nyttig å gjere seg fort ferdig med det og komme seg vidare. Men å undertrykke og stenge inne vonde kjensler, kan også skape større vanskar i eit lengre perspektiv. Innestengde kjensler kan vekse seg større og bli meir og meir smertefulle, og før eller seinare "sprenge" seg opp til overflaten med ein smertegrad som overvelder oss. Det kan bli så smertefullt at me blir psykisk sjuke.

Å ta vonde kjensler på alvor, våge å kjenne på dei og forholde seg til dei, våge å erkjenne dei og det dei gjer med oss, kan lønne seg på sikt. Når ein vågar å ta seg sjølv og dei vonde kjenslene på alvor, opnar det opp for å kunne jobbe seg gjennom det vonde og på den måten komme seg vidare.

Livsvegen vil også by på vanskar og utfordringar som me ikkje kan endre. Ytre omstende og det som skjer rundt oss, kan me ikkje alltid gjere noko med. Det me kan gjere, er å erkjenne at det skjer og erkjenne dei kjenslene det gir oss.  

Ikkje alt me erkjenner kan me gjere noko med og endre på. Men utan å erkjenne, kan me i allefall ikkje endre på noko.

Å erkjenne er å ta seg sjølv på alvor. Det er eit viktig steg mot å akseptere. Akseptere seg sjølv. Akseptere kjenslene sine. Og akseptere det som er, når me ikkje kan gjere noko for å endre det.

*****************************************************************************************************