28. mar, 2019

Humor er god medisin

Eg skriv som regel om seriøse tema. Om ulike utfordringar langs livsvegen og korleis handtere dei og lære seg til å leve med dei. Men dei som kjenner meg personleg, veit at eg har ein god porsjon av humor i meg. Eg kan vere slagferdig på ein humoristisk måte i det eg seier og kommenterer. Eg kan ha ein humoristisk replikk til det meste. 

 

Som dei fleste andre kan eg ei kjenne på frykt for å "dumme meg ut," men samstundes er eg ein person som ikkje tek meg sjølv så høgtideleg. Eg har sjølvironi, og eg har lært meg til å bruke den på ein måte som ikkje blir nedverdigande for meg sjølv.

Humor er god medisin. Humor kan ta "brodden av" vanskar og utfordringar. Den kan gje oss eit utvida perspektiv, og ofte vil me då sjå at vanskane og utfordringane er mindre problematiske enn først antatt. Humor får oss til å le. Latter er god medisin. Ein god og ekte latter påverkar både kropp og psyke. Den kan løyse opp spenningar og ta bort litt av dei kroppslege smertene, og etter ein god og ekte latter kan me kjenne ei lette - som om me har blitt kvitt noko av ei indre bør.

Humor kan vere ein form for forsvar. Ein forsvarsmekanisme. I nokre situasjonar er det greitt. Men å bruke humor for å "legge lokk på"  indre smerte, kan skape vanskar på lang sikt. Å vere ein klovn med ei glad og morsom maske blant andre som er åleine med si indre smerte når maska er av, kan bli veldig vondt. Det kan også gje eit inntrykk av å vere eit uekte menneske som er vanskeleg å ta på alvor. Men å finne ein måte som er rett for ein sjølv å bruke humor på, er god medisin. Humor får oss til å le. Latter gjer oss godt, både fysisk og psykisk.

Eg ser på meg sjølv som heldig, fordi eg har mange nyanser av både alvor og humor. Og eg har folk rundt meg som ser meg og forstår seg på meg. Ser og forstår heile meg, med mine nyanser av både alvor og humor.

****************************************************************************************************